Med sommarvèr i sikte våga vi oss ned i Kvadraturen for å teste ut kafeen i Arkitekturmuseets lokalar.
MO: Vi får slenge oss på desse turistane her, og snike oss inn.
Sandra: Vi får vel inte betala....?
MO: Nei nei, vi skal jo berre inn og ete. Det får vere betaling nok.
Vi runda hjørnet og inn i museets kafé, der det var rimeleg tomt blant borda. Det er kun torsdagar det er ope lenger enn 5, så det er heilt klart meir lunsjstad enn middagsstad.
Servitøren var raskt på plass for å ta bestilling av drikke, og alle fekk ein meny. Det er begrensa utval, og fokuserar på sandwichar og salatar av ymse slag. Brød og olje kom på bordet, og hjalp til med å stogge den verste svolten.
MO og EV satsa på Grosch Burger med kålsalat, riddarost, bacon og steikte poteter, medan Sandra og SD gjekk for salat med gardskylling, bacon og parmesan.
MO: Det såg veldig godt ut, deileg med steikte småpoteter!
EV: Eg må ha litt salt, her er jo berre pepar?
SD: Nei, her er jo en skål med flaksalt - det er jo det beste.
EV: Heilt klart, takk.
Sandra: Det var en STOR sallad... mycket gott!
MO: Ja, den såg vaksen ut - men salat er jo lett mat, i det minste.
SD: Oh, der var jo masse dressing på bunnen?
Sandra: Ja, den hittade jag tidigare - hörde du inte det?
Sandra hadde brått funne dressing på botnen av salaten, men utan at SD hadde fått med seg denne vitale opplysninga før salaten hennar nesten var borte.
MO: Det var god og saftig burger, og eg blir heilt klart mett.
EV: Ja, det er ikkje noko problem - den var veldig god.
Ikkje denne gongen heller vart det plass til dessert....
Karakter: M-
Lokalet er koseleg nok, og dette er absolutt eit bra alternativ om du er i området og vil ha en god lunsj. Høg standard til å vere ein museumskafé! Det blir nok ikkje staden vi tek omvegar for å ete på, men er du her - gå innom og ta ein matbit. God kvalitet og ok service.
Brukeranmeldelser
Phenmoenal breakdown
Sundance 25.12.2016
Phenmoenal breakdown of the topic, you should write for me too!
Kommentarer
Lei av julemat før jula kom i gong tok vi ein tur til ZZ pizza i Gamlebyen, som visstnok har fleire utradisjonelle pizzavariantar på menyen.
Desember 2025
I høve 20-årsjubileum for fusgur slo vi på stortromma og flotta oss på ein restaurant hakket meir opp i prisnivå enn vi normalt brukar. Og denne gong falt valet på Lutlaget. Skal alt lutast her, eller er det håp...?
November 2025
Vi er litt usikre på svenskane generelt, men trur kanskje dei også likar å ha sin genitivs-s utan apostrof. Vi får spørje nokon, kanskje KI veit? Eller ein innbarka svenske som ikkje har fornorska seg, slik dei vi kjenner og er glade i...?
Oktober 2025
Fantastiske ting har vorte skrivne om Masala Politics, ein indisk restaurant med ekstrem sentral plassering midt på sjølvaste Karl Johan. Då måtte vi ta turen dit!
August 2025