Lei av julemat før jula kom i gong tok vi ein tur til ZZ pizza i Gamlebyen, som visstnok har fleire utradisjonelle pizzavariantar på menyen.
Vi traska oss gjennom duskregnet og fann fint fram til eit hyggjeleg lokale som diverre var prega av høg støy av både folk og musikk, og kun benker til å sitje på. Dette er ikkje staden for gæmlisar med dårleg rygg og hørsel! Men heldigvis er vi unge og spretne som gaseller, og dette gjekk heilt greit...
På bordet kom det lauksuppepizza, pepperoni og chili cheese. Dei har også eigenprodusert sider på menyen, men til prisane som dei har så utgjekk det ganske greitt... når ei flaske sider fort bikkar 3-400 så er det forbehaldt dei særskilt interesserte.
Vi kan seie det sånn at lauksuppepizzaen smakte faktisk - lauksuppe! Den var god og spanande, men eit stykke eller maks to var nok. Difor var vi glade for at vi delte litt rundt. Chilicheese hadde mykje god chili i tillegg til ein rekke ulike ostar, veldig bra kombo men også denne mektig. Pepperoni både med og utan ananas var også god, lite å seie på korkje botn eller fyll her. Vi kunne gjerne testa fleire, men måtte faktisk få med restane i ein ta-med-kartong for dette var rett og slett i overkant. Vi var mette til langt ut på neste dag!
Karakter: M
Absolutt god og spanade utval pizza, ikkje heilt eigna lokale for langvarig opphald men hyggjeleg personell og veldig jordnært, om vi kan seie det slik. Her kan du kome som du er, og det er lun og god stemning. Mettande pizzaer er eit pluss, her kan til og med vaksne mannfolk ete seg gode og mette for ein ok penge.
Kommentarer
I høve 20-årsjubileum for fusgur slo vi på stortromma og flotta oss på ein restaurant hakket meir opp i prisnivå enn vi normalt brukar. Og denne gong falt valet på Lutlaget. Skal alt lutast her, eller er det håp...?
November 2025
Vi er litt usikre på svenskane generelt, men trur kanskje dei også likar å ha sin genitivs-s utan apostrof. Vi får spørje nokon, kanskje KI veit? Eller ein innbarka svenske som ikkje har fornorska seg, slik dei vi kjenner og er glade i...?
Oktober 2025
Fantastiske ting har vorte skrivne om Masala Politics, ein indisk restaurant med ekstrem sentral plassering midt på sjølvaste Karl Johan. Då måtte vi ta turen dit!
August 2025
Vi har høyrt gode ting om Mela café, og gått forbi ei rekke gongar. Denne gongen gjekk vi innom!
Juni 2025