Fusgur logo

Mela cafe

Juni 2025

Mela Café

Beliggenhet:   Sentrum
Kategori: Midtøsten
Mat: 4.004.004.004.004.00
Service: 4.004.004.004.004.00
Miljø: 3.003.003.003.003.00
Pris: 4.004.004.004.004.00
Karakter: 4.004.004.004.004.00
Skriv kommentar eller anmeldelse
Vi har høyrt gode ting om Mela café, og gått forbi ei rekke gongar. Denne gongen gjekk vi innom! Lokalet er definitivt meir kafé enn restaurant, så namnet passa bra. Men veldig koseleg og ein god miks av folk var innom, så vi forstår at dette er ein populær stad å vitje.

Vi gjorde det enkelt og bestilte meze med kjøt som dei skulle setje saman for oss. AH gjekk imidlertid for ein lammerett då det freista litt meir denne gongen.

Og meze kan dei! Til 330,- kr per person var dette absolutt verdt det om ein er glad i hummus og andre smårettar, vi klarte faktisk ikkje ete opp sjølv om vi gjorde ein heiderleg innsats.... på bordet fekk vi hummus, kvitlaukspita, falafel, kjøtbollar, kylling, tabbouleh, samosa med meir. Ikkje alle smårettane var like gode, til dømes vart kyllingen litt tam i høve til resten, men alt i alt kan vi lett gå tilbake og kose oss med god mat i visse om at her blir også svoltne mannfolk mette.

Karakter: M
God mat kom kjapt på bordet, hyggjelege servitørar sjølv om ho som først serverte oss nok var ganske ny i jobben - alt ordna seg på høveleg vis og vi vart gode og mette. Og særs nøgde.

Kommentarer




ZZ pizza
Lei av julemat før jula kom i gong tok vi ein tur til ZZ pizza i Gamlebyen, som visstnok har fleire utradisjonelle pizzavariantar på menyen.
Desember 2025
Lutlaget
I høve 20-årsjubileum for fusgur slo vi på stortromma og flotta oss på ein restaurant hakket meir opp i prisnivå enn vi normalt brukar. Og denne gong falt valet på Lutlaget. Skal alt lutast her, eller er det håp...?
November 2025
Jimmy får ikkje fleire besøk
Vi er litt usikre på svenskane generelt, men trur kanskje dei også likar å ha sin genitivs-s utan apostrof. Vi får spørje nokon, kanskje KI veit? Eller ein innbarka svenske som ikkje har fornorska seg, slik dei vi kjenner og er glade i...?
Oktober 2025
Masala Politics
Fantastiske ting har vorte skrivne om Masala Politics, ein indisk restaurant med ekstrem sentral plassering midt på sjølvaste Karl Johan. Då måtte vi ta turen dit!
August 2025

Overvåket av vakthund.no