Fusgur logo

Gutta fra Calcutta

Desember 2025

Gutta fra Calcutta

Beliggenhet:   Ila
Kategori: Indisk
Mat: 3.003.003.003.003.00
Service: 4.004.004.004.004.00
Miljø: 3.003.003.003.003.00
Pris: 4.004.004.004.004.00
Karakter: 3.003.003.003.003.00
Skriv kommentar eller anmeldelse
Gutta fra Calcutta har heldt til ved Ila så lenge vi kan hugse, og denne kalde januardagen våga vi oss endeleg dit. Når Oslo er surt og kaldt, er raust krydra indisk mat heilt på sin plass.
På bordet kom det mixed grill i form av Guttas spesial, kongereker, fisk og lam.
Det bar preg av litt ulik kvalitet... både fisken og kongerekene var veldig gode, men ein stor del av lammekjøtet var i overkant seige. Hadde all mat vore like god standard, ville karakteren hoppa opp eit nivå!

Men sausane var gode på smak, medium var sterkt nok for oss alle så er du litt sensitiv vil vi anbefale mild.

Rause porsjonar, godt brød, vi kan lett gå hit igjen men vi håpar dei kan mørne lammet til neste gong!

Karakter: G

Kommentarer




ZZ pizza
Lei av julemat før jula kom i gong tok vi ein tur til ZZ pizza i Gamlebyen, som visstnok har fleire utradisjonelle pizzavariantar på menyen.
Desember 2025
Lutlaget
I høve 20-årsjubileum for fusgur slo vi på stortromma og flotta oss på ein restaurant hakket meir opp i prisnivå enn vi normalt brukar. Og denne gong falt valet på Lutlaget. Skal alt lutast her, eller er det håp...?
November 2025
Jimmy får ikkje fleire besøk
Vi er litt usikre på svenskane generelt, men trur kanskje dei også likar å ha sin genitivs-s utan apostrof. Vi får spørje nokon, kanskje KI veit? Eller ein innbarka svenske som ikkje har fornorska seg, slik dei vi kjenner og er glade i...?
Oktober 2025
Masala Politics
Fantastiske ting har vorte skrivne om Masala Politics, ein indisk restaurant med ekstrem sentral plassering midt på sjølvaste Karl Johan. Då måtte vi ta turen dit!
August 2025

Overvåket av vakthund.no