Fantastiske ting har vorte skrivne om Masala Politics, ein indisk restaurant med ekstrem sentral plassering midt på sjølvaste Karl Johan. Då måtte vi ta turen dit!
Dei har ikkje meny men valkort, ein litt fiffig vri på opplegget men det betyr uansett at ein sjølv må fylle ut bestillinga og levere inn samla for bordet. Nokre gjekk for å dele smårettar, medan andre gjekk for hovudrett.
Vi fekk smakt oss gjennom blant anna nokre klassikarar som pani puri og chicken 65, og i tillegg prøvde vi ut house chaat, kvitlauksreker, dal på Masalas eigen måte, mango chicken tikka og all party grill - ein kombinasjon av chicken tikka, lamb boti , malai mirchi jheenga og beef Nawabi tikka på ein og same tallerken.
Servitøren kom ganske kjapt, og sidan vi hadde nokre forseiningar måtte han innom fleire gongar før han fekk henta arket med bestillinger, men det ordna seg. Maten kom på bordet og alt såg godt ut!
Vi kan gå for ein kort oppsummering denne gongen, og det var at det var veldig varierande kor godt dette var. Kjøtet var stort sett litt for tørt over heile fjøla, men naan var godt og dal var også god, særs mektig, men god. Den klatten med smør gjorde nok sitt til at ein fekk metta seg skikkeleg på denne varianten!
Pani puri er jo alltid gøy, og den var god. Vi trur kanskje at house chaat (søtpotetvariant) vann denne gongen, saman med dal. Chicken 65 bestilte vi kun av di vi har smakt ulike variantar av denne, og vi kan seie at dette var langt frå pallplassering.
Vi brukte lang tid på å få oppmerksomheit då vi skulle gå, for vi ønska å betale. Men servitøren som hadde vore så tilgjengeleg heile kvelden, var som fordufta og det var ikkje råd å oppnå kontakt med nokon. Det viste seg at vi måtte betale i disken, men det var det ikkje nokon som hadde opplyst om.
Karakter: G-
Kan det vere at vi kom inn med for høge forventningar? Ikkje veit vi, men vi kan fint stadfeste at det finst mange betre inidiske restaurantar i Oslo, så dei vann ikkje årets val i alle fall. No har vi prøvd, og hypen er og blir ein hype for oss - vi kjem nok ikkje tilbake på privaten heller.
Kommentarer
Vi har høyrt gode ting om Mela café, og gått forbi ei rekke gongar. Denne gongen gjekk vi innom!
Juni 2025
Sommaren hadde kome på besøk til hovudstaden, og vi gjekk for noko nytt for vår del - balkansk mat! Dette vart ein tur som vekte mykje minner for vårt medlem med opprinning frå Balkan, spanande.
Mai 2025
Sjeldan vare i fusgursk historie, men denne gong skulle vi altså teste pizza - på vestkanten, til alt overmål! Store forventningar skulle innfris.
Februar 2025
Etter reine kvinnefallet med fleire ute av drift, vart vi berre 3 rundt bordet denne gufne tysdagen i desember. Vi skulle prøve noko litt utanfor julebordkøyret - nemleg koreansk.
Desember 2024