Fusgur logo

Lutlaget

November 2025

Lutlaget

Beliggenhet:   Bjørvika
Kategori: Ymse
Mat: 5.005.005.005.005.00
Service: 3.003.003.003.003.00
Miljø: 4.004.004.004.004.00
Pris: 3.003.003.003.003.00
Karakter: 4.004.004.004.004.00
Skriv kommentar eller anmeldelse
I høve 20-årsjubileum for fusgur slo vi på stortromma og flotta oss på ein restaurant hakket meir opp i prisnivå enn vi normalt brukar. Og denne gong falt valet på Lutlaget. Skal alt lutast her, eller er det håp...? Ikkje alltid like enkelt å finne fram i nye bydelar når ein må stole på GPS... Men til slutt kom alle seg velberga fram og sette seg til bords, og der kom det deileg brød med godt smør - med eit dryss flaksalt - på bordet. Svoltne som vargar hogg vi innpå!

Vi gjekk for hovudrett og dessert og satsa sterkt på at det skulle gå fint. Det synte seg i etterkant at ein forrett nok hadde vore greit, porsjonane er ikkje veldig store og vi kunne nok lett fått ned litt ekstra.

Rundt bordet kom det risotto med krabbe og sitron, dagens vilt - som var hjort, og dagens fisk - kveite.
Det tok riktignok litt lang tid, trur vi nærma oss 40 minutter og vel så det, men når maten først kom vart vi særs nøgde.

Risottoen var perfekt, hjorten var så mør som det går an å bli og kveita var heilt perfekt. Hadde det vore dobbel porsjon hadde vi vore i himmelen!! Rett og slett nydeleg mat, kan vi fastslå.

Til dessert bestemte to seg for tarte tatin, medan SJ og MO delte petit four (HURRA!! DETTE BØR ALLE RESTAURANTER HA! Vi kan aldri få sagt det nok...) og ein sjokoladecremeux med creme fraiche iskrem og diverse andre godsaker. Porsjonen med tarte tatin var massiv, og den sørga for å mette magane, medan dei andre var vanleg dessertstorleik så det får vi seie oss nøgde med.

Karakter: M
Dette var god mat! Diverre var det ikkje berre berre å få kontakt med servitør etter at vi var ferdige og klare til å betale, og porsjonane er ikkje veldig mettande så dette er nok ein 3-rettars stad. Alt i alt må vi seie oss nøgde med ei god feiring med god mat, her kan ein lett gå igjen! Vi må berre få fylt opp lommeboka først...

Kommentarer




Jimmy får ikkje fleire besøk
Vi er litt usikre på svenskane generelt, men trur kanskje dei også likar å ha sin genitivs-s utan apostrof. Vi får spørje nokon, kanskje KI veit? Eller ein innbarka svenske som ikkje har fornorska seg, slik dei vi kjenner og er glade i...?
Oktober 2025
Masala Politics
Fantastiske ting har vorte skrivne om Masala Politics, ein indisk restaurant med ekstrem sentral plassering midt på sjølvaste Karl Johan. Då måtte vi ta turen dit!
August 2025
Mela cafe
Vi har høyrt gode ting om Mela café, og gått forbi ei rekke gongar. Denne gongen gjekk vi innom!
Juni 2025
Adriatic café
Sommaren hadde kome på besøk til hovudstaden, og vi gjekk for noko nytt for vår del - balkansk mat! Dette vart ein tur som vekte mykje minner for vårt medlem med opprinning frå Balkan, spanande.
Mai 2025

Overvåket av vakthund.no