Fusgur logo

Jimmy får ikkje fleire besøk

Oktober 2025

Jimmys

Beliggenhet:   Løkka
Kategori:
Mat: 2.002.002.002.002.00
Service: 2.002.002.002.002.00
Miljø: 3.003.003.003.003.00
Pris: 1.001.001.001.001.00
Karakter: 2.002.002.002.002.00
Skriv kommentar eller anmeldelse
Vi er litt usikre på svenskane generelt, men trur kanskje dei også likar å ha sin genitivs-s utan apostrof. Vi får spørje nokon, kanskje KI veit? Eller ein innbarka svenske som ikkje har fornorska seg, slik dei vi kjenner og er glade i...? Vi hadde lese gode anmeldingar av denne mat- og vinbaren, og vi gleda oss! Det var litt stive prisar, men lokalene var heilt klart mange hakk koselegare enn då berømte Ben Reddik haldt hus her. Det er jo eit pluss!

Sidan det var mykje freistande på menyen, valde to av oss å dele ein hovudrett (eigentleg einaste som ikkje er lagt opp for deling...) og ein tarte flambee med honning, chevre, eple og nøtter. Dei to andre våga seg på dillchips med løyrom, kyllingskinn og ribbe type iberico.

Vi kan vel seie det sånn at prisane til Jimmy speglar ikkje opplevinga. Det var veldig høg musikk, som er litt vel slitsamt ein måndags ettermiddag, dillchipsen med løyrom var butikkjøpt Estrella chips (det stor riktignok dette i menyen, så det får vere slik det er) med ein tynn dip med litt løyrom i. Heilt greit, og heilt klart i snackskategorien men 100 kr for nokre små fnøs er i overkant.

Den tynne pizzaen (tarte flambee) var overraskande smaklaus. Vi såg eplene, men kjende dei ikkje. Heilt grei rett, men til 250 kr kan vi ikkje seie at den innfrir. Dette gjer vi betre sjølv!

Kyllingskinna var ekstremt gode, dei går nok av med siger! Med trøffel og parmesan og noko majonesgreier så er det vanskeleg å seie at det er feil, det vart suksess.

Ribbene som kom på bordet var også gode, så alt i alt vart i alle fall nokon sånn passe nøgde - men det var som sagt altfor dyre greier.

Hovudretten oksehale pappardelle med parmesan gleda vi oss til, men tross stive 350 kr for ein ganske liten pastarett, mangla det kraftig på smak. Det smakte rett og slett særs lite. Kjøtet var mørt nok, men her bør det vere mogleg å sørge for litt salt og pepar om ikkje anna. Og, det var så lite mat at før saltet kom på bordet var alt fortært.


Karakter: G-
Vi vart ikkje verande til dessert, og 3 av 4 var heller ikkje mette. Vi kan rett og slett ikkje forstå at alle hyller denne staden og at så mange folk var innom ein vanleg måndag - har folk altfor god råd??? Eller kjem dei i hovudsak for vin og øl? Kven veit! Vi kjem ikkje attende, i alle fall.

Kommentarer




Masala Politics
Fantastiske ting har vorte skrivne om Masala Politics, ein indisk restaurant med ekstrem sentral plassering midt på sjølvaste Karl Johan. Då måtte vi ta turen dit!
August 2025
Mela cafe
Vi har høyrt gode ting om Mela café, og gått forbi ei rekke gongar. Denne gongen gjekk vi innom!
Juni 2025
Adriatic café
Sommaren hadde kome på besøk til hovudstaden, og vi gjekk for noko nytt for vår del - balkansk mat! Dette vart ein tur som vekte mykje minner for vårt medlem med opprinning frå Balkan, spanande.
Mai 2025
Zio Pizza
Sjeldan vare i fusgursk historie, men denne gong skulle vi altså teste pizza - på vestkanten, til alt overmål! Store forventningar skulle innfris.
Februar 2025

Overvåket av vakthund.no