Sommaren hadde kome på besøk til hovudstaden, og vi gjekk for noko nytt for vår del - balkansk mat! Dette vart ein tur som vekte mykje minner for vårt medlem med opprinning frå Balkan, spanande.
Her måtte vi lene oss kraftig på medbrakt kompetanse, og det vart bestilt både cevapi, plesavica, baklava og tulumba.
Alt vart godkjent av kompetansen, og spesielt var visst cevapien veldig god. Vi sat alle og sikla etter all børek som låg i disken, dei var svære og såg relativt saftige ut og vi registrerte at det kom mange innom som fekk med seg eit stykke av desse. Diverre hadde vi ikkje plass til meir etter dei kjøttunge måltida vi sette til livs, men neste gong blir det kanskje ein børek i neven heller enn å sette seg ned til eit betre måltid.
Lokalet er ikkje det mest innbydande, og servicen er prega av veldig kafé-standard med ei dame bak disken som skal servere alle som kjem, både gjestar ved bord og over disk og x antal foodora-bud. Det kom etter kvart inn ein mann også, som vi antar er eigaren, som gjorde eit forsøk på småprat med vekslande hell.
Alle vart mette og gode, det var nok ikkje den største kulinariske opplevinga då alt hadde same tilbehør og var litt same opplegg men her kan du i alle fall bli mett for ein ok penge.
Karakter: G
Ikkje staden for ein romantisk middag, dei har heller ikkje skjenkeløyve - noko som er heilt ok, men greit å vere klar over. Her tek du turen om du vil ha kjøt og brød.
Kommentarer
Sjeldan vare i fusgursk historie, men denne gong skulle vi altså teste pizza - på vestkanten, til alt overmål! Store forventningar skulle innfris.
Februar 2025
Etter reine kvinnefallet med fleire ute av drift, vart vi berre 3 rundt bordet denne gufne tysdagen i desember. Vi skulle prøve noko litt utanfor julebordkøyret - nemleg koreansk.
Desember 2024
Denne gufne tysdagen i november var det japansk kjøken som stod for tur! Og kanskje det SKAL vere raudt lys på slike japanske matbarar, men vi kan vel seie at det var i overkant for vår del.
November 2024
Den nye hypen er å redusere pris på restaurantmat slik at fleire har råd til å gå ut og ete, og gjere det meir tilgjengeleg for folk flest. Det måtte testast!
Oktober 2024