På beste vestkant våga vi oss på såkalla social dining, det vil seie mange små og fancy delerettar i sosialt lag.
Vi hadde merka oss at det på denne dagen skulle vere mogleg å velge smårettar frå menyen, medan ein elles vart tvungen til å velge anten 10 eller 13 rettar. Det skulle derimot syne seg at desse vala var å fråråde, då det var ekstremt små rettar og ein måtte ha 3-4 for å bli noko som likna på mett ifølge servitøren.
Vel, då slo vi på stortromma og gjekk for 10 rettar til 595,-. Litt ekstravagant, men sidan vi ikkje hadde hatt møte på 4 månadar var budsjettet litt romslegare. Det skal også seiast at prisen vart oppgitt til 695,-, men på heimesida kunne vi lese at mellom kl. 17 og 19 var det after work-pris! Dette vart tydeligvis ikkje automatisk gjort, men sidan vi gjorde dei merksame på situasjonen, skulle servitøren gjere sitt beste for å gi oss den prisen. Vi tenkjer dette burde gjerast automatisk så lenge det er eit faktisk tilbod!
Servitøren var rask på pletten med ein gong vi kom, etterpå var vi litt ute av syne, for å seie det sånn. Kan det vere av di vi drakk alkoholfritt...? Dette er nemleg noko vi opplever med jamne mellomrom, at dei som bestiller flasker med vin blir prioritert, medan vi på vassvogna kan få hakket treigare service. Berre ein teori!
Maten var ekstremt variabel. Nokre munnfullar var eksplosjonar av smak, og vi var veldig nøgde, medan andre var smaklause og kjedelege. Diverre var det flest av dei som ikkje vi kjem til å hugse igjen, noko som også gjer at dette ikkje blir ein stad vi kjem attende for å legge att pengar ein gong til. Hadde alle rettar vore av same standard som første, hadde det vore noko anna! Blant anna var fiskeretten veldig tam, søtpotetene var mest frityrdeig utan smak og kokosdesserten var nok berekna på dei som verkeleg elskar kokos.
Karakter: G
Som sagt, VELDIG blanda oppleving, både når det gjaldt service og matoppleving. Nokre rettar fortener full pott, andre får stryk.
Kommentarer
Lei av julemat før jula kom i gong tok vi ein tur til ZZ pizza i Gamlebyen, som visstnok har fleire utradisjonelle pizzavariantar på menyen.
Desember 2025
I høve 20-årsjubileum for fusgur slo vi på stortromma og flotta oss på ein restaurant hakket meir opp i prisnivå enn vi normalt brukar. Og denne gong falt valet på Lutlaget. Skal alt lutast her, eller er det håp...?
November 2025
Vi er litt usikre på svenskane generelt, men trur kanskje dei også likar å ha sin genitivs-s utan apostrof. Vi får spørje nokon, kanskje KI veit? Eller ein innbarka svenske som ikkje har fornorska seg, slik dei vi kjenner og er glade i...?
Oktober 2025
Fantastiske ting har vorte skrivne om Masala Politics, ein indisk restaurant med ekstrem sentral plassering midt på sjølvaste Karl Johan. Då måtte vi ta turen dit!
August 2025