Fusgur er sjeldan eit syn på Frogner, men denne gongen gjekk vi for italiensk rett ved Frognerparken.
Vi åt:
Oliven
Caprese med ein solid klump burrata
Pizza med kvit saus og nduja
Vegetarpizza med pesto
Ravioli med parma og gorgonzola
Tiramisu
Vi fekk bord ved vindauget, som synte seg å vere ein litt i overkant kjøleg plassering og vi burde forlangt eit bord lenger inne i lokalet. Modige var dei som sat ute i kulda og tok ein utepils, men dei hadde i det minste varmelamper tilgjengeleg - det burde vi også hatt! Fleire rundt bordet måtte gå for jakke innandørs, og det er ikkje gunstig.
Servitøren måtte fleire gongar seie frå at pizzaen med nduja var med KVIT saus, trass at MO var heilt inneforstått med saka og nett difor valde denne pizzaen. Er det så rart at nokre foretrekk kvit saus, burde dei vel ikkje ha den på menyen?
Raviolien såg liten ut i porsjonen, men den var mektig og god. Burrataen var - som svenskane ville sagt det - veldig kremig og god. Vegetarpizzaen var laga med pesto som ikkje var av billegversjonen, men faktisk med ekte pinjekjerner.
Tiramisuen var også heilt grei, men vi kan slå fast at det finst stader i Oslo som gjer denne hakket betre. Dog også fleire stader som gjer den MANGE hakk verre.
Karakter: G+
Maten var god nok, lokalet og kulda trekk nok litt ned. Servicen var også heilt grei, men det var ikkje alltid like enkelt å få kontakt - kan vere at dei på andre sida av lokalet var heldigare med den saka. Absolutt ein bra italiensk restaurant, men ikkje god nok til at vi reiser omvegar for å kome attende.
Kommentarer
Lei av julemat før jula kom i gong tok vi ein tur til ZZ pizza i Gamlebyen, som visstnok har fleire utradisjonelle pizzavariantar på menyen.
Desember 2025
I høve 20-årsjubileum for fusgur slo vi på stortromma og flotta oss på ein restaurant hakket meir opp i prisnivå enn vi normalt brukar. Og denne gong falt valet på Lutlaget. Skal alt lutast her, eller er det håp...?
November 2025
Vi er litt usikre på svenskane generelt, men trur kanskje dei også likar å ha sin genitivs-s utan apostrof. Vi får spørje nokon, kanskje KI veit? Eller ein innbarka svenske som ikkje har fornorska seg, slik dei vi kjenner og er glade i...?
Oktober 2025
Fantastiske ting har vorte skrivne om Masala Politics, ein indisk restaurant med ekstrem sentral plassering midt på sjølvaste Karl Johan. Då måtte vi ta turen dit!
August 2025