Fusgur logo

Breddos Tacos

Oktober 2020

Breddos Tacos

Beliggenhet:   Løkka
Kategori: Tacos
Mat: 5.005.005.005.005.00
Service: 3.003.003.003.003.00
Miljø: 3.003.003.003.003.00
Pris: 4.004.004.004.004.00
Karakter: 4.004.004.004.004.00
Skriv kommentar eller anmeldelse
Gode ord om Breddos Tacos satt fusgur på ferten av utprøving, men det var diverre eit sterkt redusert fusgur som kom seg til Mathallen. Heldigvis var vi 3 stk. med svolt for 5! Tidlegare var det Champagneria som låg her, men dei har tydelegvis pakka sekken og forlatt åstaden.

Korona fører til særs høgt nivå på overvaking med registrering av alle som kjem til Mathallen, godt med plass mellom borda og servitørar som har høg arbeidsbelastning.

Det var mykje spanande å velge mellom, så vi gjekk for omtrent alt vi ville prøve og fekk til slutt servert det meste på menyen - tacos med fisk, med svinemage, søtpotet, ribbe, poteter med adobo med meir. Og vi åt godt!

Torsketacoen var veldig god, men det var også den med ribbe. Ein treng vel rundt 2-3 rettar per person, men det er ikkje eit stort problem då det freister å prøve det aller meste.

Karakter: M
Ikkje så mykje anna å seie enn at her vil vi gjerne kome attende. Rett og slett. Om berre bæsjekoronaen kan forsvinne så alt blir litt enklare igjen, så kan ein berre håpe at staden bergar seg gjennom.

Kommentarer




ZZ pizza
Lei av julemat før jula kom i gong tok vi ein tur til ZZ pizza i Gamlebyen, som visstnok har fleire utradisjonelle pizzavariantar på menyen.
Desember 2025
Lutlaget
I høve 20-årsjubileum for fusgur slo vi på stortromma og flotta oss på ein restaurant hakket meir opp i prisnivå enn vi normalt brukar. Og denne gong falt valet på Lutlaget. Skal alt lutast her, eller er det håp...?
November 2025
Jimmy får ikkje fleire besøk
Vi er litt usikre på svenskane generelt, men trur kanskje dei også likar å ha sin genitivs-s utan apostrof. Vi får spørje nokon, kanskje KI veit? Eller ein innbarka svenske som ikkje har fornorska seg, slik dei vi kjenner og er glade i...?
Oktober 2025
Masala Politics
Fantastiske ting har vorte skrivne om Masala Politics, ein indisk restaurant med ekstrem sentral plassering midt på sjølvaste Karl Johan. Då måtte vi ta turen dit!
August 2025

Overvåket av vakthund.no