Januar var bitande kald, og fusgur gleda seg til å prøve varm, asiatisk mat på Bamboo på Sagene.
MO: Brrrrrr - dei sparar kanskje inn litt på oppvarminga her...?
SD: Se, de har pledd, da. Kan jeg få et?
AH: Dei fleste kjøper nok mat til å ta med.
SJ: Klarer ikke bestemme meg! De har thai, vietnamesisk, kinesisk og japansk?
AH: Ja, dei har faktisk 4 ulike land representert.
Til forrett delte AH og SJ ferske vårrullar, medan MO og SD gjekk for vietnamesiske, friterte.
AH: Desse var veldig gode, nokon av dei beste eg har smakt.
SJ: Ja, de var både smakfulle å se på og spise.
AH: Glad vi delte, for om eg skulle ha ete to heile sjølv ville eg blitt ganske mett, trur eg.
MO: Friterte var også godt, heilt innafor.
SD: Ja, helt ok.
Hovudrettane kom på bordet ganske raskt, noko som var gunstig med tanke på låg temperatur i lokalet. MO hadde bestilt biff i ingefær-østerssaus med chili, SD rød karri, AH indrefilet med chilisaus og ingefær og SJ gjekk for hot chili pot.
MO: Rause porsjonar og god mat slik sett, men litt skuffa - kunne lett ha vore meir smak her.
SJ: Denne var ikke såååå spicy som jeg trodde, faktisk. Men god!
Alle vart gode og mette, og det til ein særs rimeleg penge. Absolutt verdt å ta turen innom, skulle du befinne deg i nabolaget, men vil du sitte inne i sjølve restauranten anbefalar vi at det er ein dag med hakket varmare vèr.
Karakter: M-
Til å vere ein plass som baserar seg på mat å ta med, er det absolutt god kvalitet på maten du får. Rause porsjonar og rimelege prisar - stort pluss.
Kommentarer
Lei av julemat før jula kom i gong tok vi ein tur til ZZ pizza i Gamlebyen, som visstnok har fleire utradisjonelle pizzavariantar på menyen.
Desember 2025
I høve 20-årsjubileum for fusgur slo vi på stortromma og flotta oss på ein restaurant hakket meir opp i prisnivå enn vi normalt brukar. Og denne gong falt valet på Lutlaget. Skal alt lutast her, eller er det håp...?
November 2025
Vi er litt usikre på svenskane generelt, men trur kanskje dei også likar å ha sin genitivs-s utan apostrof. Vi får spørje nokon, kanskje KI veit? Eller ein innbarka svenske som ikkje har fornorska seg, slik dei vi kjenner og er glade i...?
Oktober 2025
Fantastiske ting har vorte skrivne om Masala Politics, ein indisk restaurant med ekstrem sentral plassering midt på sjølvaste Karl Johan. Då måtte vi ta turen dit!
August 2025