Fusgur logo

Kos Kos

Mars 2006
Kos Kos / Cafe Beirut

Beliggenhet:   Sentrum
Kategori: Midtøsten
Mat: 3.003.003.003.003.00
Service: 2.002.002.002.002.00
Miljø: 3.003.003.003.003.00
Pris: 3.003.003.003.003.00
Karakter: 3.003.003.003.003.00
Skriv kommentar eller anmeldelse
Då var det klart for eit noko forseinka fusgurmøte igjen, og denne gongen skulle vi ut på ei kulinarisk reise gjennom Midt-Austen på sjølvaste kvinnedagen. Kort tid før månadens faste møte, merka eit av dei observante foreningsmedlemane at restauranten hadde skifta namn til Café Beirut. Og dette spanande, krigsladde namnet gjorde sitt til at forventningane auka endå meir dagane før møtet. For anledninga hadde vi besøk av to gjestar konsulent SR og heidersgjest Vigdis. Sistnemnde er ikkje bevandra i internasjonal kokkekunst, men har mangeårig erfaring med norsk kokkelering og var klar som ein hjort til å utfordre smakslaukane sine med nye rettar!



Vi hadde bestilt bord, men det synte seg å vere like lite naudsynt som å ta med sand til Sahara. Lokalet var tilnærma tomt, og likevel blei vi plassert rett ved baren med utsikt til tokjønnstoaletta, som i tillegg hadde open løysning. Det spørs om vi ikkje hadde vunne på å kome utan å gi beskjed, og dermed kunne vi slått oss ned på eit bord av eige val. Til dømes hadde eit av langborda med hol i midten for innebygde urteplantar, som fascinerte enkelte medlemar av foreininga stort, vore eit naturleg val. Lokalet var som venta koseleg, og vi sat med store forhåpningar til meny og service. Men var her ikkje litt kaldare enn vi hadde venta i Midt-Austen? Og det synte seg raskt at menyen IKKJE var oppdatert på heimesida, og prisar og innhald var litt anna enn venta.



MO: Eg køyrer sverdfisk i dag folkens, spanande kombinasjon med peparsaus!

Vigdis: Eg vil gjerne ha noko som det er ein sjanse for at eg kan like? MO ? kva anbefaler du?

MO anbefalte umiddelbart ein mixed grill av lam, indrefilet av okse og kylling med bulgur, tomatsaus og salat.

SR: Her er det jo ikke tvil, steinbit i hummersaus!

SD: ÅÅ, jeg hadde tenkt å ta sverdfisk, men steinbit hørtes jo VELDIG godt ut! Nei, nå ble jeg i tvil?

IV: Eg må jo berre halde meg til dei klassiske grillspyda..

EV: Her blir det sverdfisk ja. Spanande!

SD: Nei, det blir nok sverdfisk her også.. Eller? Jau. Sverdfisk.



Sverdfisk synte seg å vere dagens fiskerett, og det passa jo bra. Servicen var dessverre littegranne treig, av en eller annan grunn fekk vi ikkje ventebrød slik dei to andre gjestane i lokalet fekk. Men vatn og brus kom på bordet, diverre var det lassa opp med knust is i alle glas. Litt i overkant mykje is med tanke på at verda utanfor for tida er lasta med snø og is.



MO: Eg syntes servitøren sa at peparsausen var sterk? Det var den då ikkje i det heile teke? Den var faktisk litt svak, men overraskande god kombinasjon med det litt faste sverdfiskkjøtet. Korleis går det med grillspydgjengen?

Vigdis: Det her var godt, synes nok kjøtet mitt var betre enn din sverdfisk ja!

IV: Ja, grillspyd er alltid ein sikker vinnar. Men han gløymde at eg skulle ha pommes frites til i staden for ris ... Åt jo opp halvparten før potetene mine kom på bordet, det er for dårleg.

SR: Det var ikkje små porsjonar akkurat, sausen var god men eg trur fisken er litt for mykje kokt. Var ikkje heilt den store opplevelsen liksom.



Alle vart gode og mette, men det var kanskje ein sjanse for plass til dessert, så servitøren måtte jobbe litt til! Det såg ikkje ut til at han hadde så veldig lyst til det der han stod bak disken og las VG ... (Kanskje vi skulle vere glade for at vi sat såpass nærme barområdet likevel.)



MO: Fransk sjokoladekake? Sjokoladebombe? Høyrest litt mektig ut..

IV: Skal vi dele ei sånn kake kanskje?

MO: Høyrest perfekt ut!

Det vart sjokoladebomber på heile gjengen, bortsett frå SR som tok ostekake og SD som avstod frå søte freistingar. Sjokoladekaka var i mektigaste laget, så det vart ståande ein del restar. men kaka innfridde i alle fall til dels forventningane.

IV: Servitøren stod og sleika seg på fingrane før han serverte oss!! ÆSSSJJJ!!! Eg har enno ikkje fått teen som eg bestilte heller. Klarer han ikkje å hugse noko som helst han her?



Vi håper sjølvsagt han tok seg tid til å vaske seg på fingrane etter å ha putta dei i munnen ? slikt er berre ikkje akseptabelt i restaurantbransjen.



Samla karakter: G-



Servitøren var ikkje akkurat eit fyrverkeri av serviceinnstilling, og han var heller ikkje på pletten for å høyre om vi ønska meir drikke eller dessert. Han hadde rett og slett litt i overkant avslappa haldning til korleis han som servitør faktisk er ein viktig del av heilheitsinntrykket gjestane får til ein restaurant. Og fingrar i munnen og så på maten til gjestane ? IKKJE bra. Bordplasseringa var også under ein kvar kritikk. Koseleg lokale trekk opp, og maten var absolutt velsmakande, men prissettinga var generelt litt for høg sidan dei store gastronomiske klasebombene lot vente på seg. Service var ikkje totalt fråverande, men det var ikkje langt ifrå. Oppsummert kan vi seie at det rett og slett var litt uinteressant, ja, på grensa til kjedeleg.



Rundt bordet gjekk diskusjonen om istappar og den bokstaveleg tala overhengande fare for at desse hamnar i hovudet på einkvan snart. Vi hadde også fleire fanesaker vi kunne gått i tog for, hadde det vore varmare i vêret og engasjementet hadde vore litt større. Det er vanskeleg å vere engasjert i kaldt og hufsete vintervêr i asfaltjungelen. Heldigvis for oss så har våre medsøstre (fôrsøstre?) vore svært så engasjerte og rett og slett pløygd veg på våre vegne. Vi kan berre legge oss dovent tilbake og nyte godt av kampen kvinner før oss har gjort. Det er også no oppklart at den nye forkortinga til eventuelt er ev., og ikkje gamlemåten evt., som har vore mest utbreidd. I tillegg er det ein viss fare for at Førstesjefsreferenten må skifte tittel il Sjefreferent, då det stridast om oppfatninga av våre pompøse titlar. Vil det å vere sjefsreferent tilseie at ein er referenten til sjefen? Bør vi sløyfe ein s? Og er Førstesjef smør på flesk?



Så bar det ut i kulda. KosKos hadde gitt oss litt varme i kroppen og maten låg tungt i magen. Kakene på 7/11 freista faktisk ikkje eingong. Det er då ein veit at ein er mett ? Men at restauranten i kjellaren kunne vunne på å vakne frå vinterdvalen og oppgradere både mat og service ? DET var det INGEN tvil om! Brukeranmeldelser
0.000.000.000.000.00
Nouveau scoop: Supce
Destiny 26.12.2016

Nouveau scoop: Supcerécilia, de Sofia, a pris l’ avion pour Kaboul. Là elle compte acheter une burka en duty free et s’ occuper du sort des otages.

Kommentarer




Sosialiseringsmiddag
På beste vestkant våga vi oss på såkalla social dining, det vil seie mange små og fancy delerettar i sosialt lag.
Mars 2024
Yum Cha
Det nærma seg julebordsesong men vi var på veg til ein stad som neppe har det største innrykket i så tilfelle uansett, og vasa oss inn i ei sidegate til Valkyriegata for å sjekke ut eit tilbod for det kantonesiske kjøkenet.
November 2023
Hrimnir
På årets første - og forhåpentligvis verste - snødag med kaos i alle krokar av hovudstaden, var det to snødekte fusgurar som endeleg fekk teke turen til Hrimnir, ramen-restauranten ved Vulkan på Løkka.
Oktober 2023
Rotishop
Rotishop er ein liten og intim restaurant som liknar meir på eit trongt gatekjøken der ein ikkje eigentleg skal sitje ned og ete. Spanande!
September 2023

Overvåket av vakthund.no