Fusgur var på veg til eit noko forseinka maimøte på Crossroad Club, ein såkalla gourmetpub som kunne freiste med alskens gode ting på menyen.
Menyen kjem ikkje i form av handfaste menyar, men står oppskrive på tavla bak disken.
MO: Grava hest…? Fiskesuppe med hai? Ja, det er jo spanande..
Servitøren var raskt på pletten og serverte vatn, og lot oss vente til alle var på plass før ho kom med meir info om menyen. Ho kunne anbefale hest, den var visstnok utruleg god. Vi lot oss diverre ikkje freiste, og dermed vart det sprøsteikt ribbe på Sandra, EV og SD medan MO var vill og gal og satsa på spareribs med coleslaw.
MO: Ok, det skulle vere coleslaw. Men, det vart visst tzatsiki i staden.
Sandra: Va det gott?
MO: Det var heilt ok, men dette er ikkje mat ein et på date, for å seie det sånn. Eg må bruke fingrar, dåkke får unnskulde meg!
EV: Det er greitt. Kyllingvingar og spareribs er ikkje mogleg å ete med kniv og gaffel. Den mørke øla eg vart anbefalt å drikke til, gjorde seg særs godt. Artig!
EV, SD og Sandra vart lokka ut på dessertkøyret, og endte opp med kvar si skål med rabarbrasuppe og sjokoladesorbet av noko slag.
SD: Denne var frisk og god! Rabarbra er vel ikke det som blir brukt mest lenger, men det er jo godt.
Karakter: G
Prisane er ganske stive, og ein får ikkje overvettes mykje mat, men maten som kjem er heilt ok. For ein pub å vere, er det sjølvsagt eit anna nivå enn den vanlege burger og chips-varianten, men det blir nok ikkje ein stad vi går for å ete. Øl var også dyrt der, spesielt om ein skulle ha noko anna enn den vanlege halvliteren. Sjølve lokalet er absolutt ein vinnar, så potensialet er der heilt klart. Er nok meir ein haust- og vinterpub framfor somarpub, då nordmenn likar å kunne sete ute i hopetall om sola tittar fram.
Brukeranmeldelser
What a plsrueae to f
Snow 25.12.2016
What a plsrueae to find someone who thinks through the issues
Kommentarer
Lei av julemat før jula kom i gong tok vi ein tur til ZZ pizza i Gamlebyen, som visstnok har fleire utradisjonelle pizzavariantar på menyen.
Desember 2025
I høve 20-årsjubileum for fusgur slo vi på stortromma og flotta oss på ein restaurant hakket meir opp i prisnivå enn vi normalt brukar. Og denne gong falt valet på Lutlaget. Skal alt lutast her, eller er det håp...?
November 2025
Vi er litt usikre på svenskane generelt, men trur kanskje dei også likar å ha sin genitivs-s utan apostrof. Vi får spørje nokon, kanskje KI veit? Eller ein innbarka svenske som ikkje har fornorska seg, slik dei vi kjenner og er glade i...?
Oktober 2025
Fantastiske ting har vorte skrivne om Masala Politics, ein indisk restaurant med ekstrem sentral plassering midt på sjølvaste Karl Johan. Då måtte vi ta turen dit!
August 2025