Framleis kaldt denne februardagen, vi traska med godt mot til Hai Cafe i sentrum, som hadde fått gode kritikkar og vi hadde halvvegs håp om å sjå nokre c-kjendisar. Diverre går det ikkje an å bestille bord her, og fullt er det, men det verkar som om folk et og forlet.
Vi stod i 10 min og venta før det kom eit bord ledig, og opptil fleire servitørar var på plass til einkvar tid.
MO: Litt sånn kantinepreg her, men eg håpar maten er god!
Bente: Jeg bare håper jeg finner noe vegetarisk her, og aller helst uten noe nøttegreier..
Vi fekk huka tak i ein servitør for å bestille, og ho tok ikkje ansvar for at alt var utan nøtter. Det set vi faktisk pris på å høyre, i staden for at dei tek sjansen på at det går bra. Ho sa ærleg at det låg nøtter på kjøkenet, så sjølv om det ikkje var nøtter i sjølve maten, så var det liksom i rommet. Bente tok sjansen.
Fleire av oss klaska til med både forrett og hovudrett. MO gjekk for wonton-suppe til forrett, og var særs nøgd.
MO: mmm den er like god som på Oriental, men det er meir mat og hakket rimelegare.
Sandra: Jag klarar inte äta upp det här.. förr mycket!
IV satsa på innbakte scampi, og dei var enkle og gode.
Så kom hovudretten på bordet.
SD hadde bestilt hovudrettversjonen av Wontonsuppa, og det var meir enn nok mat. Bente klarte seg fint og hadde ingen tendensar til krampar eller pusteproblem, og vi var alle særs nøgde med maten.
Karakter: G
Maten var god og rimeleg, men det var eit høgt støynivå og særs ukoseleg lokale. Servitørane svinsa raskt rundt for å serve alle, og gjorde ein god jobb på det ut i frå dei forutsetningane dei hadde. Konklusjon: Dette er ein stad du går for å ete deg mett for ein rimeleg penge. Her blir du ikkje setande på romantisk middag eller for å prate med venane dine, då går du vidare ein annan stad.
Brukeranmeldelser
[quote comment="7151
Eagle 26.12.2016
[quote comment="71510"]I want this way until the final: PORtu>>>>>>BAYERN>>>>BARCELONA[/qOoTe]This really suits the theme of deja vu:Porto: Carvalho, Ferreira, Hilario, Bosingwa, QuaresmaBayern: BallackBarcelona: Deco, BellettiReply
Kommentarer
Lei av julemat før jula kom i gong tok vi ein tur til ZZ pizza i Gamlebyen, som visstnok har fleire utradisjonelle pizzavariantar på menyen.
Desember 2025
I høve 20-årsjubileum for fusgur slo vi på stortromma og flotta oss på ein restaurant hakket meir opp i prisnivå enn vi normalt brukar. Og denne gong falt valet på Lutlaget. Skal alt lutast her, eller er det håp...?
November 2025
Vi er litt usikre på svenskane generelt, men trur kanskje dei også likar å ha sin genitivs-s utan apostrof. Vi får spørje nokon, kanskje KI veit? Eller ein innbarka svenske som ikkje har fornorska seg, slik dei vi kjenner og er glade i...?
Oktober 2025
Fantastiske ting har vorte skrivne om Masala Politics, ein indisk restaurant med ekstrem sentral plassering midt på sjølvaste Karl Johan. Då måtte vi ta turen dit!
August 2025