Fusgur logo

Sahara Beduin (NEDLAGT)

November 2006



Beliggenhet:   Sentrum
Kategori: Afrikansk, arabisk
Mat: 3.003.003.003.003.00
Service: 4.004.004.004.004.00
Miljø: 4.004.004.004.004.00
Pris: 4.004.004.004.004.00
Karakter: 3.503.503.503.503.50
Skriv kommentar eller anmeldelse
Etter lang tids pause i møteverksemda, sat fusgur nok ein onsdag klar til forlystingar av den kulinariske sorten. fusgur- ven Solveig hadde teke turen frå Kristiansand for å vere med, og gjestar denne gongen var Håkon og Siri. Håkon har etter nøye vurdering vorten godteke som vår første mannlege gjest, og vi håpar han kan tilføye gruppa nye og spanande debattemner! Og kanskje litt inside info om korleis gutar eigentleg er skrudd saman i topplokket når vi først set igong analyser på høgt nivå..

Sahara Beduin i sentrum var valet denne gong, vi var ville og galne og valde å tilbringe kvelden i kjellaren med putar og låge bord. Spanande! Ein forhaldsvis mørk mann i beduindrakt møtte oss i døra, det var einaste dialekta hans kav bergensar som kunne avsløre at han hadde tilbrakt sitt liv i kalde nord.. Vi fekk raskt menyar og drikke på bordet, og servitøren anbefalte beduinsk karavane, som innehaldt 8 smårettar og ein hovudrett med grillspyd av kylling og lam.

Solveig: Trudde eg ville ha grillspyd, men etter å ha sett på smårettane så trur eg at eg må gå for den karavanen!
MO: Ja den såg spanande ut.. litt i overkant godt prisa, men eg trur jaggu eg også må gå for den!
Håkon: Hmmm? får slå meg med der..
SD: Jeg tror jeg bryter ut.. og satser på kyllingen!
Siri: Eg bryt nok også ut av gruppa, den steinbiten i Saharasaus såg god ut!
Solveig: Saharasaus? Det står for meg at det kan bli noko tørt..??

Smårettar og drykk var raskt på plass, og innfridde alle forventningar. Vi hadde fått kjøkenet til å velge smårettar for oss, så det er noko usikkert kva vi åt men godt var det! Brød som vi dyppa i ulike dippar som tzatziki og humus i tillegg til kjøtbollar og innbakt spinat som var overraskande smakfullt.

Solveig: Sjekk dei skoa til servitøren.. det passar kanskje ikkje med knallkvite Nike-sko til den drakta der..?
MO: Eg trur det er tradisjonelt skotøy frå Austre Sahara. Ikkje til å forveksle med Vestre delar av Sahara!
Håkon: Ja for i Vest går dei som kjend kun med Adidas..

Utbrytarane fekk ikkje maten samstundes med smårettane våre som lova på førehand, men ellers var servicen upåklageleg. Einaste saknet var informasjon om kva rettar vi åt til forrett.

Alle var samde om at maten var god og mette vart vi alle. Nokon vågde seg på dessertar, mørk sjokoladekake og beduinske småkaker som var tunge og søte, men som passa bra til usukra sterk te og kaffe. Det var faktisk slik at teen måtte drikkast til kaker ellers vart det noko bittert for sukkervante norske ganer.

Samla karakter: M

God service, veldig spesielt og koseleg lokale. Her er det rom for romantikk i aller høgste grad! Eit minus for joggesko til servitør og litt manglande informasjon, og prisane er nok litt i overkant. Beduinsk kaffe var inkludert i menyen, men då vi skulle bestille te istaden fekk vi faktisk ein advarsel om at den var noko sterk. Vi prøvde oss uansett, men det held med informasjon om at den er sterk så får vi vel bestemme om vi tør prøve på eige ansvar. Men med mette og fornøgde magar må vi seie at dette er ein stad vi kan vitje fleire gongar!!
Eit lite minus er eit tilnærma tomt akvarium på utstilling. Skal ein først dekorere lokalet med slikt, BØR det vere teikn til liv i vatnet..

Debatten gjekk rundt bordet om både likestilling, misbruk, politiske skandaler i USA og 30-årskriser som slår til i hytt og pine. MO fortalde om den siste tids krumspring, og Solveig fortalde om tilværelsen åleine med vindunkar og pusekattar på Sørlandet. Håkon har i alle fall fått nok eit innblikk i den kompliserte tankegongen til det kvinnelege kjønn, noko som kanskje ikkje berre er ein fordel.. Solveig klarte sjølvsagt å gløyme mobil og ladar, og lever isolert frå omverda i Kristiansand og håpar at vår kjære servitør vil vere serviceinnstilt nok til å returnere telefonen uskada. Vi veit vel alle kva det vil seie å vere utan mobil.. ehem.. Det kan vere traumatisk nok! Ei ekstra helsing til IV som for tida ferierar i Hellas, og sikkert har samla gode erfaringar i henhald til spanande mat på eiga hand. Brukeranmeldelser
0.000.000.000.000.00
A piece of eriiotudn
Lavon 25.12.2016

A piece of eriiotudn unlike any other!

Kommentarer




Sosialiseringsmiddag
På beste vestkant våga vi oss på såkalla social dining, det vil seie mange små og fancy delerettar i sosialt lag.
Mars 2024
Yum Cha
Det nærma seg julebordsesong men vi var på veg til ein stad som neppe har det største innrykket i så tilfelle uansett, og vasa oss inn i ei sidegate til Valkyriegata for å sjekke ut eit tilbod for det kantonesiske kjøkenet.
November 2023
Hrimnir
På årets første - og forhåpentligvis verste - snødag med kaos i alle krokar av hovudstaden, var det to snødekte fusgurar som endeleg fekk teke turen til Hrimnir, ramen-restauranten ved Vulkan på Løkka.
Oktober 2023
Rotishop
Rotishop er ein liten og intim restaurant som liknar meir på eit trongt gatekjøken der ein ikkje eigentleg skal sitje ned og ete. Spanande!
September 2023

Overvåket av vakthund.no