Fusgur logo

Abugida (NEDLAGT)

Januar 2008
Abugida

Beliggenhet:   Løkka
Kategori:
Mat: 2.002.002.002.002.00
Service: 4.004.004.004.004.00
Miljø: 3.003.003.003.003.00
Pris: 4.004.004.004.004.00
Karakter: 3.003.003.003.003.00
Skriv kommentar eller anmeldelse
Det romla i dei fusgurske magar på veg til Abugida, ein etiopisk restaurant på Løkka. Restauranten deler lokale med Avanos, det vil seie at restauranten og borda er dei same, men Avanos har ein meny og Abugida har ein annan.

SD: Menyen ser jo ok ut, men jeg tror jeg dropper rått oksekjøttet i alle fall.
IV: Ja, og det var jo billeg? Rundt 100 kr for ein rett?

Servitøren var raskt på plass, veldig hyggjeleg og lurte på kor vi hadde høyrt om Abugida. Vi sa som sant var at vi hadde lese ein omtale i lokalavisa, og det høyrdes spanande ut.

MO: Eg trur det er slik at vi skal dele på desse rettane, som tapas liksom??

Det synte seg å vere rett. Servitøren opplyste om at etiopisk mat skal etast med hendene, så vi fekk ekstra mange serviettar..
Etter litt ventetid, kom det ein stor tallerken på bordet dekka med nokon slags pannekaker? av byggmjøl. Litt svampaktig konsistens med litt surdeigsettersmak, og alle dei 4 ulike rettane vi hadde bestilt, vart spredt på desse lefsene.

MO: Ehem.. bruksanvisning..? Håpar alle har vaska seg på hendene!

Servitøren merka tendensane til panikk, og forklarte greit og enkelt korleis ein skulle forsyne seg.

EV: Spanande! Det såg jo ikkje så appetittleg ut, men definitivt interessant.
IV: Eeeeeeeeeh?.
SD: Ansiktsuttrykket til IV er jo ikke til å misforstå, dette er vel ikke din type mat..?
IV: Nei. Ikkje i det heile. Den indrefileten var heilt ok, men dei lefsene? Og lammet var heller ikkje noko for meg berre ta.
MO: Vel. Eg synest det var heilt ok, og dette er utan tvil det mest utfordrande og spanande vi har gjort i fusgurs historie!
EV: Det hadde nok vore hakket betre om vi fekk slike lefser som vi fekk på Sahara Beduin, synest nok det var litt sur ettersmak her ja.
SD: Er litt enig der, men smakene og krydderene er jo spennende. Litt uvante kombinasjoner, men definitivt interessant.
EV: Eg meiner å hugse at det er tanta til han andre i Madcon som eig og driv den her. Nokon som veit kva han heiter..? Var det kanskje ho som serverte?
MO: Anar ikkje.. Men det kan nok stemme. No ser jo tallerknen ut som ein slagmark. Ikkje spesielt delikat. Er heller ikkje særs begeistra for bruken av kardemomme i mat. Det høyrer liksom meir heime i bollar og liknande. Vanesak!

Karakter: G
Servitøren var særs hyggjeleg, lokalet er ok og sentralt. Minus for at det manglar skilt om at Abugida faktisk deler lokale med Avanos, og vi må nok innrømme at ganane våre nok ikkje er tilpassa etiopisk mat. Pluss for rimelege prisar, så det er vel verdt å prøve ut om ein føler seg spesielt eventyrlysten for ein dag! Neste gong prøver vi nok heller den tyrkiske menyen, men det er ikkje av di det var noko å utsetje på maten det er berre snakk om smak og behag.

Mesteparten av snakken rundt bordet dreide seg naturleg nok om slagmarken vi prøvde å ete, samt andletsuttrykka til IV som heilt tydeleg ikkje var nøgd med situasjonen. Men vi hadde i det minste prøvd, og det utan å blakke oss. Helgas aktiviteter kom også opp som tema, men etter ønske om sensur frå fleire kantar, unnlet vi inngåande rapportering om dette. Kort oppsummert har MO vore på jobbreise, IV har gått vidare etter at sambuaren har fått fyken, og EV har hatt inngåande diskusjonar om Irak med ein irakar på Donald. SD slit med sambuartillegget, og skal slutte med øl, potetgull og tv for å kome inn i kleda sine igjen. Vi ønsker lukke til. Etter at ho vart utsatt for fleire innbrot, og frastole det meste av kleda sine, har ho hatt planar om shopping. Men ting tek som kjent tid, så inntil vidare har ho minimalt utval klede.. Fredag brakar det laus med konsert på Mono, og vi ser med fryd fram til sosialt samvèr og kanskje også ei lita pils.



Brukeranmeldelser
0.000.000.000.000.00
Thats a quii-kwctte
Norm 25.12.2016

Thats a quii-kwctted answer to a difficult question

Kommentarer




Sosialiseringsmiddag
På beste vestkant våga vi oss på såkalla social dining, det vil seie mange små og fancy delerettar i sosialt lag.
Mars 2024
Yum Cha
Det nærma seg julebordsesong men vi var på veg til ein stad som neppe har det største innrykket i så tilfelle uansett, og vasa oss inn i ei sidegate til Valkyriegata for å sjekke ut eit tilbod for det kantonesiske kjøkenet.
November 2023
Hrimnir
På årets første - og forhåpentligvis verste - snødag med kaos i alle krokar av hovudstaden, var det to snødekte fusgurar som endeleg fekk teke turen til Hrimnir, ramen-restauranten ved Vulkan på Løkka.
Oktober 2023
Rotishop
Rotishop er ein liten og intim restaurant som liknar meir på eit trongt gatekjøken der ein ikkje eigentleg skal sitje ned og ete. Spanande!
September 2023

Overvåket av vakthund.no