Fusgur logo

Albertine spiseri

Mai 2024

Albertine

Beliggenhet:   St.Hanshaugen
Kategori: Variabel
Mat: 4.004.004.004.004.00
Service: 3.003.003.003.003.00
Miljø: 3.003.003.003.003.00
Pris: 3.003.003.003.003.00
Karakter: 3.003.003.003.003.00
Skriv kommentar eller anmeldelse
Med ein meny som varierer frå meze til indisk, var vi litt usikre på kva som venta oss på denne staden som ikkje ser heilt topp ut frå utsida og liknar meir ein brun pub, men med ok uteservering. Og brune pubar kan overraske! Innsida skårer nok heller ikkje topp i stilkarakter, men det er jo ikkje alltid lokalet som tel når det gjeld mat og smak - såpass har vi lært! Det var i alle fall reint og fint, og det er heller ikkje til å kimse av.

Vi gjekk for diverse meze til bordet, med klassikarar som hummus, falafel, köfte og liknande. Det som var nytt for oss, var friterte bladbetebollar som vi bestilte av rein nysgjerrigheit. I tillegg valde vi ei lammegryte, som synte seg å ha ein slags indisk vri, i tillegg til saganaki, sucuk og scampi med klassiske pitabrød.

Scampien kunne vi nok spart oss, den passa ikkje heilt inn. Falafelen verka veldig fersk og var god på smak, saganakien likte vi alle saman veldig godt - god kombo av smakar!


Karakter: M-
Maten er heilt innafor til ein ok penge, og servicen er litt i rykk og napp men det var ganske mange folk der og berre ein på jobb så det er fullt forståeleg. Det eine pitabrødet kom på bordet når vi mest var ferdige med maten, men det vart også bestilt hakket etterpå første bestilling så vi kan til ein viss grad ha forståing. Imidlertid burde det gå ganske raskt å få eit ekstra brød på bordet, det tek normalt ikkje 15-20 min.
Vi forstår at Albertine er ein populær nabolagsrestaurant, og det vart ganske fullt inne då ei lita regnbyge skremde folk frå uteserveringa og inn i varmen. Dette er ein stad man lett kan gå innom for anten ei øl eller ti, med eller utan mat.

Kommentarer




ZZ pizza
Lei av julemat før jula kom i gong tok vi ein tur til ZZ pizza i Gamlebyen, som visstnok har fleire utradisjonelle pizzavariantar på menyen.
Desember 2025
Lutlaget
I høve 20-årsjubileum for fusgur slo vi på stortromma og flotta oss på ein restaurant hakket meir opp i prisnivå enn vi normalt brukar. Og denne gong falt valet på Lutlaget. Skal alt lutast her, eller er det håp...?
November 2025
Jimmy får ikkje fleire besøk
Vi er litt usikre på svenskane generelt, men trur kanskje dei også likar å ha sin genitivs-s utan apostrof. Vi får spørje nokon, kanskje KI veit? Eller ein innbarka svenske som ikkje har fornorska seg, slik dei vi kjenner og er glade i...?
Oktober 2025
Masala Politics
Fantastiske ting har vorte skrivne om Masala Politics, ein indisk restaurant med ekstrem sentral plassering midt på sjølvaste Karl Johan. Då måtte vi ta turen dit!
August 2025

Overvåket av vakthund.no