Fusgur logo

Sugar and Spice

Juni 2023

Sugar and Spice

Beliggenhet:   Hasle
Kategori: Asiatisk
Mat: 3.003.003.003.003.00
Service: 1.001.001.001.001.00
Miljø: 1.001.001.001.001.00
Pris: 3.003.003.003.003.00
Karakter: 3.003.003.003.003.00
Skriv kommentar eller anmeldelse
Hasle? Løren? Usikker! Men vi fann no fram, Sugar and Spice ligg på Vinslottet på Hasle, rett rundt hjørnet og bittelitt vanskeleg å finne på strak arm. Utsikta frå restauranten er eigentleg litt rett i søppelhandteringa. Riktignok fin og nedgravd søppelhandtering med berre desse oppstikkarane, men like fullt - ikkje topp utsikt og heller ikkje på solsida.

SD har frekventert denne staden fleire gongar, og kan fortelle om tidlegare ypperleg service. No har kanskje ferievikaren teke over, for det var ikkje akkurat full fres trass ganske tomt lokale. Lokalet i seg sjølv er koseleg nok, ganske lite, men ikkje staden for lange, romantiske middagar.

Vi prøvde oss på asiatisk taco, bao med kylling, salat med crispy kylling, pad thai, dumplings og nudelsalat.

Det var ei blanda oppleving. Salaten var nok den minst sunne salaten vi har sett på nokre år, men absolutt god - fritert og crispy kylling med chilimajones i overflod, pad thaien var rett og slett litt kjedeleg og kunne lett ha fått litt meir smak.
Dei hadde berre nok taco til ein person, så det skar seg litt i planen og difor måtte vi gå over på hovudrettar.
Vi kan vel slå fast at smårettane heldt eit heilt anna nivå enn hovudrettane for vår del, men det ryktast at hovudretten General i alle fall er verdt å prøve! Fleire gongar!


Karakter: G
Tragisk dårleg service, diverre, det viser kor sårbare og personavhengig slike stader kan vere. Veldig variabel mat, men ikkje noko var dårleg - berre litt kjedelegare enn venta etter nokre gode smårettar som først fann vegen.

Kommentarer




ZZ pizza
Lei av julemat før jula kom i gong tok vi ein tur til ZZ pizza i Gamlebyen, som visstnok har fleire utradisjonelle pizzavariantar på menyen.
Desember 2025
Lutlaget
I høve 20-årsjubileum for fusgur slo vi på stortromma og flotta oss på ein restaurant hakket meir opp i prisnivå enn vi normalt brukar. Og denne gong falt valet på Lutlaget. Skal alt lutast her, eller er det håp...?
November 2025
Jimmy får ikkje fleire besøk
Vi er litt usikre på svenskane generelt, men trur kanskje dei også likar å ha sin genitivs-s utan apostrof. Vi får spørje nokon, kanskje KI veit? Eller ein innbarka svenske som ikkje har fornorska seg, slik dei vi kjenner og er glade i...?
Oktober 2025
Masala Politics
Fantastiske ting har vorte skrivne om Masala Politics, ein indisk restaurant med ekstrem sentral plassering midt på sjølvaste Karl Johan. Då måtte vi ta turen dit!
August 2025

Overvåket av vakthund.no