Det var lenge sidan vi ga det etiopiske kjøken første forsøk, så no var det på tide med ein ny runde!
Sentralt plassert på Majorstua, nede i ein kjellar, ligg Injera. Injera er den "pannekaka" som er ein sentral del av måltidene i blant anna Etiopia. Så vi hadde jo ei viss aning om kva vi gjekk i møte denne måndagen i februar.
Det starta bra med rask assistanse av servitør som spurte om mat, men vi venta på at alle kom på plass før vi gjekk i gong med bestillling av noko som helst anna enn vatn. Diverre gjekk det nedover etter det, det var ikkje enkelt å få tak i folk til å ta bestilling, og heller ikkje då det var på tide å gjere opp rekninga.
Nokon av oss prøvde seg på å spørre om anbefalingar, men det gjekk heller ikkje så bra.
MO og BM endte opp med å dele vegetarutgåvå, der ein får 5 ulike rettar i følge med injera. Den var hakket dyrare enn dei andre, men til gjengjeld var det ca 3 gongar så mykje mat!
AH våga seg på Keyh Wet, oksekjøt med blant anna chili og ingefær, SJ og SD gikk for Tibsi med oksekjøt.
Karakter: G-
Prisane er veldig høge med tanke på maten, og då tenkjer vi ikkje på smakane for dei er uansett subjektive, men på kor mykje som kjem på tallerkenen. Det er litt keisamt med berre nokre kjøttklumpar og den pannekaka, så om ein går hit vil vi LETT anbefale den vegetarkomboen. Der var det mykje godt, og meir enn nok til å delast på to!
Service var ganske fråverande, og vi ville nok også kunne dratt fordel av bruksanvisning på korleis ein et dette måltidet - vi såg ulike framgangsmåtar i lokalet, og er usikre på kva som var mest gunstig.
For all del, spanande og uvant mat for oss nordbuarar men her trur vi det er meir å hente på betre informasjon og kanskje litt lågare prisnivå.
Kommentarer
Lei av julemat før jula kom i gong tok vi ein tur til ZZ pizza i Gamlebyen, som visstnok har fleire utradisjonelle pizzavariantar på menyen.
Desember 2025
I høve 20-årsjubileum for fusgur slo vi på stortromma og flotta oss på ein restaurant hakket meir opp i prisnivå enn vi normalt brukar. Og denne gong falt valet på Lutlaget. Skal alt lutast her, eller er det håp...?
November 2025
Vi er litt usikre på svenskane generelt, men trur kanskje dei også likar å ha sin genitivs-s utan apostrof. Vi får spørje nokon, kanskje KI veit? Eller ein innbarka svenske som ikkje har fornorska seg, slik dei vi kjenner og er glade i...?
Oktober 2025
Fantastiske ting har vorte skrivne om Masala Politics, ein indisk restaurant med ekstrem sentral plassering midt på sjølvaste Karl Johan. Då måtte vi ta turen dit!
August 2025