Fusgur logo

Scarpetta

Juni 2022

Scarpetta Pastabar

Beliggenhet:   Operapassasjen
Kategori: Italiensk
Mat: 3.003.003.003.003.00
Service: 2.002.002.002.002.00
Miljø: 4.004.004.004.004.00
Pris: 3.003.003.003.003.00
Karakter: 3.003.003.003.003.00
Skriv kommentar eller anmeldelse
Vi hadde lest gode ting om Scarpetta i Operapassasjen, og bevegde oss dit for siste møte før sommaren skulle slå til. Vi fekk bestilt risottoboller, arancine, til forrett og delt på gjengen rundt bordet då alle ville smake. Arancine er veldig godt, og desse var også gode - dog kunne dei nok ha drege fordel av litt rausare krydring.

Etter kvart kom fusili med salccicia, risotto med basilikumpesto og raude pastaputer med aubergine, mozarella og tomat på bordet.

Det var absolutt gode smakar, det var nok dei raude pastaputene som skuffa mest denne gong men ikkje alt passar alle. Den store skuffen kom nok då vi bestemte oss for å gå for dessert.
Det vart bestilt både panna cotta og cannolo, og dei bar begge preg av å ha vore lagra i lengre tid.
Cannoloen var ganske seig, både inni og utanpå, men heilt ok på smak.
Panna cottaen, derimot, den var såpass gamal og kjip at vi sendte den tilbake. Det var ein halv cm med snerk på toppen, og med ein pris på 129,- kr så var det ikkje noko å tenke på. Vi fekk huka tak i servitøren og ga beskjed om at den ikkje kunne etast.
Han slo ganske fort over til engelsk, etter tidlegare å ha prata norsk med oss, og lurte på om vi ikkje likte panna cotta? Jauda, det gjer vi faktisk, men vi veit også at ein panna cotta IKKJE skal vere slik. Det vart ein del om og men før han tok med seg desserten til kjøkenet for å prate med kokken, og det var det siste vi såg til servitøren.
Men, då vi skulle betale var panna cottaen i det minste vekke frå rekninga så noko har i alle fall skjedd..

Karakter: G-
Maten i seg sjølv var ok, men ikkje minneverdig og ikkje noko vi har behov for å prøve igjen. Dessertane var definitivt minneverdige, og servicen kan vi ikkje anna enn å riste på hovudet av. Vi forstår at bransjen slit med fagfolk, og at det i stor grad kan påverke servicenivået men vi må nesten slå eit slag for å bruke sunn fornuft og oppføre seg vaksent når gjestar tek kontakt.

Kommentarer




Mela cafe
Vi har høyrt gode ting om Mela café, og gått forbi ei rekke gongar. Denne gongen gjekk vi innom!
Juni 2025
Adriatic café
Sommaren hadde kome på besøk til hovudstaden, og vi gjekk for noko nytt for vår del - balkansk mat! Dette vart ein tur som vekte mykje minner for vårt medlem med opprinning frå Balkan, spanande.
Mai 2025
Zio Pizza
Sjeldan vare i fusgursk historie, men denne gong skulle vi altså teste pizza - på vestkanten, til alt overmål! Store forventningar skulle innfris.
Februar 2025
Gangnam
Etter reine kvinnefallet med fleire ute av drift, vart vi berre 3 rundt bordet denne gufne tysdagen i desember. Vi skulle prøve noko litt utanfor julebordkøyret - nemleg koreansk.
Desember 2024

Overvåket av vakthund.no