Fusgur logo

South Indian

November 2021

South Indian

Beliggenhet:   Sentrum
Kategori: Sør-indisk
Mat: 5.005.005.005.005.00
Service: 3.003.003.003.003.00
Miljø: 3.003.003.003.003.00
Pris: 4.004.004.004.004.00
Karakter: 4.004.004.004.004.00
Skriv kommentar eller anmeldelse
Med koronaspøkelset framleis hengande over oss, og kulda på veg, valde vi å varme oss på sørindisk i sentrum som siste møte i 2021. Lokalet var veldig lite oppe, mykje mindre enn vi såg for oss. I underetasjen har dei eit større lokale, som sikkert vert brukt til selskap etc.

Sjølv med berre 3 opptekne bord, gjekk servicen ganske treigt. Det var berre ei dame vi kunne sjå som var på jobb, og kjøkenet låg i kjellaren, ein periode lurte vi på om ho også LAGA maten då det vart ein del ventetid på å få kontakt. Menyen bar også preg av mykje overstryking, då det var mykje som ikkje var tilgjengeleg. Her burde ein berre skrive ut nokre nye A4-sider. Prisane stemte heller ikkje overeins med det vi måtte betale, så her er det på tide med ei seriøs oppdatering.

Etter ein del nøling frå MO på korvidt ho også her skulle teste dosaen, falt valet på hovudrett i staden - lam biryani. SJ gjekk for lam med spinat, SD ein klassisk masala og Bente vegetarcurry.

Alle rettane var særs gode på smak, og kjøtet var veldig mørt - alle var veldig nøgde! Desserten stod vi over, vi var gode og mette - og dessertmenyen hadde ikkje noko som freista oss, rett og slett.

Karakter: M-
Maten står til M, servicen nærmar seg NG. Kan det vere foodora som gjer at servicen går treigt? For antall personar tilstade i det vesle lokalet tilseier ikkje at det skulle vere noko problem, men vi la merke til ei rekke rosakledde folk som kom innom og henta mat. Men maten var såpass smakfull og mør at vi lett kan kome attende for å prøve andre rettar,

Kommentarer




Sosialiseringsmiddag
På beste vestkant våga vi oss på såkalla social dining, det vil seie mange små og fancy delerettar i sosialt lag.
Mars 2024
Yum Cha
Det nærma seg julebordsesong men vi var på veg til ein stad som neppe har det største innrykket i så tilfelle uansett, og vasa oss inn i ei sidegate til Valkyriegata for å sjekke ut eit tilbod for det kantonesiske kjøkenet.
November 2023
Hrimnir
På årets første - og forhåpentligvis verste - snødag med kaos i alle krokar av hovudstaden, var det to snødekte fusgurar som endeleg fekk teke turen til Hrimnir, ramen-restauranten ved Vulkan på Løkka.
Oktober 2023
Rotishop
Rotishop er ein liten og intim restaurant som liknar meir på eit trongt gatekjøken der ein ikkje eigentleg skal sitje ned og ete. Spanande!
September 2023

Overvåket av vakthund.no