Fusgur logo

The Golden Chimp

Oktober 2021

The Golden Chimp

Beliggenhet:   Tøyen
Kategori: Asiatisk
Mat: 4.004.004.004.004.00
Service: 4.004.004.004.004.00
Miljø: 3.003.003.003.003.00
Pris: 3.003.003.003.003.00
Karakter: 4.004.004.004.004.00
Skriv kommentar eller anmeldelse
Den gyldne sjimpanse har visstnok også opna filial på den nye mathallen i Vika, men denne gongen gjekk vi rett på moderskipet på Tøyen, sentralt plassert på eit hjørne. Lokalet er litt røft, og dei hadde diverre litt i overkant skranglemusikk på høgtalarane men servitøren var på plass med ein gong, kom med vatn til alle og menyar og spurte om det som spørrast skulle. Dei anbefalte 3-4 porsjonar per person for å bli mette, men vi starta forsiktig for å smake oss fram til kva som ev. fortente å kome vidare til runde 2.

Vi bestilte kongekrabbedumplings, ertedumplings, svin- / rekegyoza og xiao long bao - alt på deling. MO hadde høyrt gode ting om kongekrabbedumplings, så allereie runde 1 vart det bestilt 2 porsjonar. Det er 4 stk. i kvar porsjon, noko som var litt problematisk for oss som denne gongen var 3 rundt bordet. Men, det løyste seg!

Vi bestilte IKKJE kimchi, men det kom på bordet likevel - servitøren sa orsak, men då fekk vi det rett og slett med på kjøpet. Det er god service! Ho kunne teke det med seg tilbake, men det er ein liten kostnad for dei og betyr myke for oss.

Kimchien var heller ikkje for sterk, og sjøl om ingen av oss er veldig fan av det, så synte det seg greit å ha nokre fermenterte bitar å tygge på likevel.

Vi bestilte ein porsjon til av gyozaen, men vi burde kanskje gått for ertedumplings også - den var overraskande god og gjekk kongekrabba ein høg gong! Kongekrabba smakte nemleg veldig smør, og vi likar smør, men det tok litt over den gode smaken som vi veit kongekrabber har å by på. Dessertmenyen hadde lite å by på for vår del, så vi hoppa galant over den.

Karakter: M-
Maten var god og kom raskt på bordet. Servitørane var oppmerksame, men kanskje litt i overkant - vi vart avbrotne midt i samtalar ikkje mindre enn 3 gongar i løpet av vårt korte besøk. Vi oppfordrar til å sjå an bordet litt før ein hiv seg inni og spør om det går bra eller liknande.

Kommentarer




ZZ pizza
Lei av julemat før jula kom i gong tok vi ein tur til ZZ pizza i Gamlebyen, som visstnok har fleire utradisjonelle pizzavariantar på menyen.
Desember 2025
Lutlaget
I høve 20-årsjubileum for fusgur slo vi på stortromma og flotta oss på ein restaurant hakket meir opp i prisnivå enn vi normalt brukar. Og denne gong falt valet på Lutlaget. Skal alt lutast her, eller er det håp...?
November 2025
Jimmy får ikkje fleire besøk
Vi er litt usikre på svenskane generelt, men trur kanskje dei også likar å ha sin genitivs-s utan apostrof. Vi får spørje nokon, kanskje KI veit? Eller ein innbarka svenske som ikkje har fornorska seg, slik dei vi kjenner og er glade i...?
Oktober 2025
Masala Politics
Fantastiske ting har vorte skrivne om Masala Politics, ein indisk restaurant med ekstrem sentral plassering midt på sjølvaste Karl Johan. Då måtte vi ta turen dit!
August 2025

Overvåket av vakthund.no