Fusgur logo

Feniqia

August 2021

Feniqia

Beliggenhet:   Oslobukta
Kategori: Libanesisk
Mat: 4.004.004.004.004.00
Service: 3.003.003.003.003.00
Miljø: 3.003.003.003.003.00
Pris: 3.003.003.003.003.00
Karakter: 3.003.003.003.003.00
Skriv kommentar eller anmeldelse
Dei kallar seg den einaste autentiske libanesiske restaurant i Norge, og har ei avdeling i Lillestrøm og no ei i Oslobukta. Vi kan nok ikkje avgjere korvidt denne påstanden er sann eller ikkje, men modig er den! Servitørane var raskt på pletten, og kom innom med jamne mellomrom for å høyre om vi var klare trass at vi forklarte vi venta på nokon. Men, overivrig er betre enn slapp.
Vi fekk beskjed om at det var anbefalt 4 rettar per person, men vi starta med 3 - noko som skulle syne seg å vere meir enn nok.
På bordet kom hummus med indrefilet, steikt libanesisk lammepølse, innbakt spinat, innbakt oksekjøtdeig, fritert mozarella og feta, grilla tigerreker, babaghanoug, labne og fattochsalat i tillegg til eit par porsjonar med pitabrød.

Hummusen var noko på den meir syrlege og salte sida, men framleis god og indrefileten den var toppa med, var også mør og fin. Sånn generelt kan vi vel seie at mykje av maten var litt syrleg, kanskje Libanon er meir raus med syre - kva veit vel vi? Godt var det uansett, og vi vart mette og gode.

Ønsket om kanskje ein trøffel til dessert er stadig vekk eit emne, men framleis ser det ut som ekstremt få restaurantar kan tilby slike små porsjonar med søtt. Heldigvis fekk vi tak i nokre trøflar på eit nærliggande etablissement i etterkant, men vi kan uansett oppmode alle restaurantar til å innføre nettopp den vesle søtbiten - her anar vi ein enorm inntektskjelde!

Karakter: M-
God mat, greie porsjonar. Veldig kjekt at dei har notert kor mange det er i kvar porsjon, sånn at ein ikkje forventar å kunne dele 4 innbakte spinatpirogar på 5 personar utan problem.

Kommentarer




ZZ pizza
Lei av julemat før jula kom i gong tok vi ein tur til ZZ pizza i Gamlebyen, som visstnok har fleire utradisjonelle pizzavariantar på menyen.
Desember 2025
Lutlaget
I høve 20-årsjubileum for fusgur slo vi på stortromma og flotta oss på ein restaurant hakket meir opp i prisnivå enn vi normalt brukar. Og denne gong falt valet på Lutlaget. Skal alt lutast her, eller er det håp...?
November 2025
Jimmy får ikkje fleire besøk
Vi er litt usikre på svenskane generelt, men trur kanskje dei også likar å ha sin genitivs-s utan apostrof. Vi får spørje nokon, kanskje KI veit? Eller ein innbarka svenske som ikkje har fornorska seg, slik dei vi kjenner og er glade i...?
Oktober 2025
Masala Politics
Fantastiske ting har vorte skrivne om Masala Politics, ein indisk restaurant med ekstrem sentral plassering midt på sjølvaste Karl Johan. Då måtte vi ta turen dit!
August 2025

Overvåket av vakthund.no