Endeleg har fleire fått opna, så vi våga oss til Solli/Frogner for å sjekke ut Listen to Baljit og deira spanande meny.
Sist vi var ute på ordentleg, var vi også på indisk med litt same retning. Difor valde MO å gå for dosa igjen, då ho var litt skuffa forrige gong - i tillegg til eit særs høgt prisnivå. Her kosta den nesten halv pris, verdt eit forsøk.
Menyen består av gatemat-rettar i mindre format, i tillegg til "vanlege" hovudrettar. Dei sa frå at vi trongde 2-3 rettar for å bli mette, men dosaen var den største så då haldt det med 2. Synte seg i ettertid at det nok hadde vore nok med ein dosa, men det var såpass godt at det meste gjekk ned likevel!
MO bestilte også ein Bombay burger, klassifisert som berømt gatemat frå Mumbai. Den var også særs god!
Bente gjekk for 3 smårettar, som var meir enn nok, og delte raust med sin puri til dei som orka meir mat. SJ satsa på ein spinatbasert rett og AH valde ein mix av sjømat og kjøt.
Alt som kom på bordet, var godt. Men vi tenkjer at smårettane vann kanskje denne gongen, og den mixed grillen kom også utan saus - som var litt uvant og kanskje burde åtvarast om for sausglade nordmenn.
Karakter: M
Prisnivået er ikkje hårreisande, og maten er god. Det var ganske fullt, og div. sykkelbud kom stadig vekk innom for å hente bestillingar, men dette er uansett ein stad vi lett går attende til. Dei gode smakane freister rett og slett til gjentaking!
Kommentarer
I høve 20-årsjubileum for fusgur slo vi på stortromma og flotta oss på ein restaurant hakket meir opp i prisnivå enn vi normalt brukar. Og denne gong falt valet på Lutlaget. Skal alt lutast her, eller er det håp...?
November 2025
Vi er litt usikre på svenskane generelt, men trur kanskje dei også likar å ha sin genitivs-s utan apostrof. Vi får spørje nokon, kanskje KI veit? Eller ein innbarka svenske som ikkje har fornorska seg, slik dei vi kjenner og er glade i...?
Oktober 2025
Fantastiske ting har vorte skrivne om Masala Politics, ein indisk restaurant med ekstrem sentral plassering midt på sjølvaste Karl Johan. Då måtte vi ta turen dit!
August 2025
Vi har høyrt gode ting om Mela café, og gått forbi ei rekke gongar. Denne gongen gjekk vi innom!
Juni 2025