Fusgur logo

Vognmand Nilsen (NEDLAGT)

Februar 2007



Beliggenhet:   Grønland
Kategori: Kontinental
Mat: 5.005.005.005.005.00
Service: 5.005.005.005.005.00
Miljø: 5.005.005.005.005.00
Pris: 4.004.004.004.004.00
Karakter: 5.005.005.005.005.00
 
Brukeranmeldelser:
Karakter: 5.005.005.005.005.00
Skriv kommentar eller anmeldelse
Andleta var frosne til is idet MO og konsulent SR runda hjørnet til Rubina Ranas gate og endeleg såg Vognmand Nilsen i det fjerne. Ein halvtime for tidleg ute, men det skuldast isande vind som gjekk gjennom marg og bein og det freista rett og slett meir med eit glas musserande inne i restauranten enn vill og hemningslaus shopping på Grønland. Og godt var det ? dei resterande 3 fusgurar måtte alle få vegforklaringar pr telefon då panikken og kulda begynte å ta dei, alle etter tur.. Det er eigentleg ikkje vanskeleg å finne, men området er prega av byggeverksemd og noko uoversiktleg enn så lenge.

Servitøren var på plass snarast, og vi fekk informasjon om dagens rettar.

MO: Dagens husmannskost er andelår confit, og det er noko eg VEIT er godt.. Husmannskost er vel kanskje noko eg forbinder med til dømes kjøtkaker, men eg skal ikkje klage på andelår til kr 99,- akkurat.
SR: Den kveita såg veldig freistande ut.. eg trur nok det blir fisk på meg i dag!
IV: Oksefilet? Hm. Lammecarrè? Ja. Eg trur det blir lam idag! Det er vel poteter med..?
EV og SD satsa også på dagens husmannskost, og alle fekk bestilt seg eit glas musserande for å prøve å tine opp kroppen.

Det gode inntrykket av staden vart forsterka då servitøren kom rundt med ei korg 3 ulike brød som ho bydde på, og det var absolutt lov til å ta fleire stykke var beskjeden ? noko MO tok bokstaveleg og raska med seg ein prøve av kvart brød. Dyppa i god balsamico (tilsett sukker?) og olje var dette ein god start. Betre vart det då ein overraskande appetittvekkar vart servert, ein liten bit toast med oksetunge og tomat ? mykje godt!

Så kom hovudrettane på bordet, rykande varme.

IV: Hm. Dette såg ikkje ut som ein stor porsjon akkurat, men det ser veldig godt ut då.
MO: Mmmm dette andelåret var fortreffeleg!! Og mosen! Og små steikte poteter med skal på! Og god saus..
SR: Maten var god, men sjølve kveita var faktisk litt smaklaus tykte eg. Skulle nok ha krydra med eit eller anna, litt skuffande.
SD og EV smatta samtykkande med MO om at andelåret fall i smak.

Det synte seg å vere tilstrekkeleg med mat, vi vart alle mette men ikkje stappmette. Servitørane var oppmerksame heile tida, og fylte på med vatn etterkvart. Sidan vi skulle opp til EVs Inn for servering av nybaka sjokoladekake etterpå, vart det bestilt kaffe istadenfor dessert.

SD: Wow! Denne kaffe latten var god, og spesielt skummet. Jeg har rørt og rørt i det men det synker faktisk ikke. Et stort pluss!

Karakter: M+

Lokalet er fresht og nytt, men fortsatt koseleg. Høgt under taket, og litt kjølig for ein slik kald vinterdag ? men det kom seg etterkvart. Servitørane ytte god service til einkvar tid, og maten var rett og slett fortreffeleg. Dagens husmannskost gir deg mykje for pengane, stort pluss for godt brød og appetittvekkar. Absolutt ein stad å prøve! Ein liten feil på rekninga vart umiddelbart retta opp og gløymt.

Samtalen flaut fint rundt bordet om ymse emne. Vår kjære gjestekonsulent SN var venta utpå kvelden frå Kristiansand, men dette skar seg litt då snøkaoset tok trafikken og ho vart kraftig forseinka. Men det kunne nok vore verre, det synte seg at fleire stod bom fast på vegane i opptil 15 timar! Betre lukke neste gong. Det mest foruroligande debattema var SDs tilsynelatande fråverande evne til å seie nei. Slikt kan forårsake ubehagelege situasjonar, så vi råder SD til å nytte sin nyerverva Gudinnestatus til å gløyme dårleg samvit og andre unyttige kjensler og JUST SAY NO når uønska møter vert foreslått. IV slit til tider med sin ferske sambuarstatus, men reknar med det er kun ein innkøyringsfase. Born og fotball er relativt nytt og treng rett og slett litt lengre tilvenning enn venta. Brukeranmeldelser
0.000.000.000.000.00
Haalelujlh! I needed
Will 25.12.2016

Haalelujlh! I needed this-youre my savior.
5.005.005.005.005.00
Alltid bra!
MO 03.03.2011

Vore på Vognmand 2 gongar på kort tid, samt hatt julebord der for litt tilbake - alltid god mat, god service - og ei kjensle av å få god valuta for pengane. Kjem tilbake!
5.005.005.005.005.00
Nudeleg!
Kenneth 01.08.2010

Gjeng og for blåskjell til forrett, hovudrett og dessert neste gong.
5.005.005.005.005.00
Herlege blåskjel!
EV 01.08.2010

Vognmanden leverer alltid. Åt blåskjell til forrett i juli 2010. Skulla gjerne hatt det til hovudrett og!

Kommentarer




Sosialiseringsmiddag
På beste vestkant våga vi oss på såkalla social dining, det vil seie mange små og fancy delerettar i sosialt lag.
Mars 2024
Yum Cha
Det nærma seg julebordsesong men vi var på veg til ein stad som neppe har det største innrykket i så tilfelle uansett, og vasa oss inn i ei sidegate til Valkyriegata for å sjekke ut eit tilbod for det kantonesiske kjøkenet.
November 2023
Hrimnir
På årets første - og forhåpentligvis verste - snødag med kaos i alle krokar av hovudstaden, var det to snødekte fusgurar som endeleg fekk teke turen til Hrimnir, ramen-restauranten ved Vulkan på Løkka.
Oktober 2023
Rotishop
Rotishop er ein liten og intim restaurant som liknar meir på eit trongt gatekjøken der ein ikkje eigentleg skal sitje ned og ete. Spanande!
September 2023

Overvåket av vakthund.no