Fusgur logo

Bono

August 2020

Bono

Beliggenhet:   Frogner
Kategori: Italiensk
Mat: 4.004.004.004.004.00
Service: 4.004.004.004.004.00
Miljø: 4.004.004.004.004.00
Pris: 2.002.002.002.002.00
Karakter: 3.003.003.003.003.00
Skriv kommentar eller anmeldelse
Overalt har det spredd seg eit rykte om at Bono er beste italiensk i Oslo. Vi måtte prøve. Bono har to sittinger, ein kl. 17 og ein kl. 19.30. Vi fekk plass på den første, og gledde oss trass ein fast meny der alle må ete det same, og det kostar 445 per person for 2 rettar. Litt stivt, men ok - kva gjer ein ikkje for ein autentisk, italiensk oppleving?

Vi fekk spekemat, burrata og ein spanande aubergine-rett i tillegg til meir ost til forrett. Det var eit par bitar skinke per person, men alt var nydeleg. Dette freista til gjentaking!

Hovudretten er hakket verre. Då får ein servert ein djuptallerken med ein hovudrett i, så må ein sjølv dele opp i antall personer som skal ha. Vi valde hakka svineskulder med casareccepasta og ravioli fylt med parmaskinke.
Raviolien var jo grei nok å dele opp, 7 pastaputer til kvar sånn ca. Casarecce-pasta var litt verre, med tjukke pastastrimler.

Båe deler var gode på smak, men litt ulike smakspreferansar gjorde at vi ikkje kom fram til ein favoritt. Ei heller var det ikkje noko her som skulle tilseie prisen, korkje i storleik på porsjon eller smaksmessig sett.

TIl dessert delte MO og SJ ein tiramisu, i håp om at den skulle konkurrere ut forrige forsøk, som var ein fadese. Og tiramisuen innfridde, den var liten og nydeleg. AH fekk ein affogato, ei kule vaniljeis med espresso over. Enkelt og godt.

Karakter: M-
Prisen er særs høg, og vi kjente at maten kanskje ikkje innfridde. Forretten var heilt klart den beste av rettane, og desserten var god men hovudrettane fall litt gjennom. Som eit sentralt medlem i fusgur uttala etterpå - eg kjem gjerne att, men då helst i lag med mor og far så dei betalar.

Kommentarer




ZZ pizza
Lei av julemat før jula kom i gong tok vi ein tur til ZZ pizza i Gamlebyen, som visstnok har fleire utradisjonelle pizzavariantar på menyen.
Desember 2025
Lutlaget
I høve 20-årsjubileum for fusgur slo vi på stortromma og flotta oss på ein restaurant hakket meir opp i prisnivå enn vi normalt brukar. Og denne gong falt valet på Lutlaget. Skal alt lutast her, eller er det håp...?
November 2025
Jimmy får ikkje fleire besøk
Vi er litt usikre på svenskane generelt, men trur kanskje dei også likar å ha sin genitivs-s utan apostrof. Vi får spørje nokon, kanskje KI veit? Eller ein innbarka svenske som ikkje har fornorska seg, slik dei vi kjenner og er glade i...?
Oktober 2025
Masala Politics
Fantastiske ting har vorte skrivne om Masala Politics, ein indisk restaurant med ekstrem sentral plassering midt på sjølvaste Karl Johan. Då måtte vi ta turen dit!
August 2025

Overvåket av vakthund.no