Fusgur logo

Kathmandu

November 2019

Kathmandu

Beliggenhet:   Solli
Kategori: Nepalsk
Mat: 4.004.004.004.004.00
Service: 4.004.004.004.004.00
Miljø: 3.003.003.003.003.00
Pris: 3.003.003.003.003.00
Karakter: 4.004.004.004.004.00
Skriv kommentar eller anmeldelse
Første gong i fusgursk historie - nepalsk mat på agendaen. Vi bestilte:
Steikte momos, med lam, kylling og vegetarfyll.
Vegetar samosas
Thali med kylling
Grill med salat i staden for ris

Momos er Nepals svar på dumplings, og sidan MO foretrekk steikte framfor kokte eller dampa, var det slik denne gongen her. Gode sausar med ulik styrke! Samosaene var også særs gode, så vi føler absolutt eit hint av India her.
Thalien bestod av 2 ulike linsesupper, kyllingkarri, ris og div. grønsaker. Fekk god forklaring frå servitør på at i Nepal tek ein linsesuppe over risen, og så legg ein alt det andre oppå for slik er det best å ete.
Slik gjorde vi det også, og det var ein del veldig gode smakar. Sidan MO og SD delte mat, gjekk dei for mild versjon men det var framleis mogleg å kjenne eit lite stikk på tunga. Heldigvis ikkje verre enn at det var heilt innafor for SD, som var glad eg ikkje hadde pressa fram medium styrke.

God mat, hyggjeleg servitør - lokalet er vel ikkje staden ein vil henge i timesvis, men heilt ok. Prisane kan kjennes litt i overkant for einskilde rettar, men verdt ein tur om ein vil prøve noko nytt.

Kommentarer




ZZ pizza
Lei av julemat før jula kom i gong tok vi ein tur til ZZ pizza i Gamlebyen, som visstnok har fleire utradisjonelle pizzavariantar på menyen.
Desember 2025
Lutlaget
I høve 20-årsjubileum for fusgur slo vi på stortromma og flotta oss på ein restaurant hakket meir opp i prisnivå enn vi normalt brukar. Og denne gong falt valet på Lutlaget. Skal alt lutast her, eller er det håp...?
November 2025
Jimmy får ikkje fleire besøk
Vi er litt usikre på svenskane generelt, men trur kanskje dei også likar å ha sin genitivs-s utan apostrof. Vi får spørje nokon, kanskje KI veit? Eller ein innbarka svenske som ikkje har fornorska seg, slik dei vi kjenner og er glade i...?
Oktober 2025
Masala Politics
Fantastiske ting har vorte skrivne om Masala Politics, ein indisk restaurant med ekstrem sentral plassering midt på sjølvaste Karl Johan. Då måtte vi ta turen dit!
August 2025

Overvåket av vakthund.no