Fusgur logo

New Anarkali

Oktober 2019

New Anarkali

Beliggenhet:   Løkka
Kategori: Indisk
Mat: 4.004.004.004.004.00
Service: 2.002.002.002.002.00
Miljø: 3.003.003.003.003.00
Pris: 3.003.003.003.003.00
Karakter: 3.003.003.003.003.00
Skriv kommentar eller anmeldelse
Har ein ikkje fått booka bord på midlertidig særs populære Theka, vandrer ein gatelangs til neste høve byr seg. Vi havna på New Anarkali på Løkka. Vi prøvde butter chicken, Tikka Masala og ein rett med fisk (hugsar ikkje navn). Delte eit nanbrød og prøvde også mango lassien.

Koseleg lokale, men altfor kaldt - som førte til frosne fingrar og lyst til tidleg exit. Dei kunne også med fordel ha skrudd opp lyset litt, så ein kan sjå kva ein får i seg.
Veldig god mat, servert i nydelege "kjeler".
Her får ein mykje mat for pengane, og kan trygt ta med seg svolte mannfolk!
Mango lassien var god og mektig, så den fekk telje som dessert.

Karakter: M
God indisk mat, utan dei store overraskingane. Du får godt med mat, prisen er heilt ok. Servicen gjekk ikkje altfor fort trass nesten tomt lokale, og vi fekk aldri spørsmål om vi ønska noko meir korkje å drikke eller å ete. Meir mat hadde vi verkeleg ikkje plass til, men slikt veit ein ikkje før ein spør.

Kommentarer




ZZ pizza
Lei av julemat før jula kom i gong tok vi ein tur til ZZ pizza i Gamlebyen, som visstnok har fleire utradisjonelle pizzavariantar på menyen.
Desember 2025
Lutlaget
I høve 20-årsjubileum for fusgur slo vi på stortromma og flotta oss på ein restaurant hakket meir opp i prisnivå enn vi normalt brukar. Og denne gong falt valet på Lutlaget. Skal alt lutast her, eller er det håp...?
November 2025
Jimmy får ikkje fleire besøk
Vi er litt usikre på svenskane generelt, men trur kanskje dei også likar å ha sin genitivs-s utan apostrof. Vi får spørje nokon, kanskje KI veit? Eller ein innbarka svenske som ikkje har fornorska seg, slik dei vi kjenner og er glade i...?
Oktober 2025
Masala Politics
Fantastiske ting har vorte skrivne om Masala Politics, ein indisk restaurant med ekstrem sentral plassering midt på sjølvaste Karl Johan. Då måtte vi ta turen dit!
August 2025

Overvåket av vakthund.no