Rett bak teaterplassen på Grønland, ligg Holy Cow. Og det er verdt eit besøk!
Ein liten restaurant med høgt tempo, du må bestille i disken frå menyen som heng på tavla men maten kjem til bordet. Få sitjeplassar men maten kjem fort så dette er ikkje staden ein vil henge heile kvelden.
Vi bestilte:
Gol gappa, samoosa chaat, chole tikki chaat, pakora og kvitlauks-nan. MO gjekk også for ein mango lassi, som alle kunne konstantere var SÆRS god men ikkje kald nok.
Sjøl om du er innbarka kjøtelskar, kan du lett klare deg utan her sjøl om det finst både fisk- og kjøtrettar.
Maten kom veldig fort på bordet, og var veldig god - til ein rimeleg penge. 129 per pers for dette måltidet her, som riktignok er streetfood-rettar ein kan dele (eller ete alt sjøl) er så innafor at vi kan love gjenbesøk. Godt!!!
Karakter: S-
Rett og slett. Det er ikkje ein fancy restaurant, og det er høglydt - men, du veit kva du får. Du får god mat på kort tid til ein rimeleg penge i eit fresht lokale. Bra jobba!
Kommentarer
Lei av julemat før jula kom i gong tok vi ein tur til ZZ pizza i Gamlebyen, som visstnok har fleire utradisjonelle pizzavariantar på menyen.
Desember 2025
I høve 20-årsjubileum for fusgur slo vi på stortromma og flotta oss på ein restaurant hakket meir opp i prisnivå enn vi normalt brukar. Og denne gong falt valet på Lutlaget. Skal alt lutast her, eller er det håp...?
November 2025
Vi er litt usikre på svenskane generelt, men trur kanskje dei også likar å ha sin genitivs-s utan apostrof. Vi får spørje nokon, kanskje KI veit? Eller ein innbarka svenske som ikkje har fornorska seg, slik dei vi kjenner og er glade i...?
Oktober 2025
Fantastiske ting har vorte skrivne om Masala Politics, ein indisk restaurant med ekstrem sentral plassering midt på sjølvaste Karl Johan. Då måtte vi ta turen dit!
August 2025