Campo de fiori har ein flott uteservering med tak over, her kan ein verkeleg får feriekjensla!
Brødet som kom på bordet før maten, var utruleg godt og ferskt - med god olivenolje til. God start!
MO bestilte rørpasta med ostesaus og bacon, AH og SD gjekk for pasta med tomatsaus og ferskpølse, SJ satsa på sjømat og pasta.
Ferskpølsa var most ned i tomatsausen, og retten var generelt ALT for godt salta. AH var såpass svolten at all mat strauk med uansett, medan SD sendte det tilbake og fekk ny rett med mindre ansjos, kapers og salt.
Ostesausretten var også i overkant salt, såpass at MO ikkje åt meir enn halve. Alle fekk smake og var samde om at det var i overkant, men ho takka uansett nei til ny rett.
Sjømatpastaen var høgdepunktet, den var veldig god. Såpass god at SJ gjekk for ein dessert i form av sjokoladeterte med mandelmasse og vaniljeis - den var veldig god!
Vi andre fekk sitronsorbet med jordbær og nøttekrønsj til dessert - på husets rekning - som plaster på såret for i overkant saltglade kokkar.
Positivt:
- Særs hyggjeleg service frå ein servitør redda heile opplevinga. Han visste korleis han skulle handtere einkvar situasjon, og kom uoppfordra med tilbod om dessert og kaffe til alle saman.
- Hyggjeleg lokale med uteservering som heldt oss tørre trass valdsame regnbyger.
- Gode dessertar!
Negativt
- Høge prisar for små porsjonar, og ein saltivrig kokk.
- Stor skilnad i matoppleving
Kommentarer
Sommaren hadde kome på besøk til hovudstaden, og vi gjekk for noko nytt for vår del - balkansk mat! Dette vart ein tur som vekte mykje minner for vårt medlem med opprinning frå Balkan, spanande.
Mai 2025
Sjeldan vare i fusgursk historie, men denne gong skulle vi altså teste pizza - på vestkanten, til alt overmål! Store forventningar skulle innfris.
Februar 2025
Etter reine kvinnefallet med fleire ute av drift, vart vi berre 3 rundt bordet denne gufne tysdagen i desember. Vi skulle prøve noko litt utanfor julebordkøyret - nemleg koreansk.
Desember 2024
Denne gufne tysdagen i november var det japansk kjøken som stod for tur! Og kanskje det SKAL vere raudt lys på slike japanske matbarar, men vi kan vel seie at det var i overkant for vår del.
November 2024