Fusgur logo

Kamai (nedlagt! SKANDALE!)

September 2018

Kamai Café (nedlagt! SKANDALE!)

Beliggenhet:   Løkka
Kategori:
Mat: 4.004.004.004.004.00
Service: 4.004.004.004.004.00
Miljø: 4.004.004.004.004.00
Pris: 4.004.004.004.004.00
Karakter: 4.004.004.004.004.00
Skriv kommentar eller anmeldelse
I eit håp om plass på Ben Reddik for nokre få romper ein tysdag ettermiddag, dro vi til Løkka og førebudde oss på god, libanesisk mat. Men den gong ei... dei tok ikkje ein gong drop-ins, og vi vart sendt ut att i haustkulda. Heldigvis har Løkka fleire godbitar å bu på, og løysninga vart ein tur på Kamai Café! MO: Her tek dei ikkje bordbestillingar i det heile teke. Bra det er plass!
AH: Eg er ikkje så fan av sushi, men dei har jo litt anna på menyen.
MO: Det er ganske solide storleikar sjølv på smårettane, eg har jo lyst på alt... Kanskje vi kan dele litt?

I vente på sistekvinne, BM, fekk vi bestilt Chili Chicken og Five Fingers.

AH: Synest ofte sånne friterte, innbakte reker kan vere så som så med mykje røre rundt - men desse var utruleg gode!
MO: Det var dei verkeleg. Heilt strålande!
Vi fekk bestilt kveitefries med black bean dip og vegetar bao til BM, som var rett rundt hjørnet.
AH: Chili chicken var også gode smakar, og stor porsjon. Men, eg trur eg må ha ein bao med pulled pork også.
MO: Og eg tek ein sashimi!
BM kom endeleg inn døra, og var fornøgd med at maten stod klar.

AH: Litt for tjukke skiver laks for min del, eg foretrekker dei syltynne. Men baoen var veldig god!
MO: Eg også. Dei var gode, men eg lagar lett betre sjølv. Og mannen min lagar ein kvassare ponzusaus. Men, det er god mat og eg er godt nøgd!
MO sneik seg sjølvsagt til ein liten bit av baoen, og den var heilt klart godkjend.
BM: Litt lite utvalg på vegetarfronten, men det er greit - det er gode chips og dip, og vegetarbaoen - den kunne nok vært hakket freshere, det er asparges liksom. Ikke mer, ikke mindre.

Karakter: M-
Om ein ikkje synest sushi er topp, så er det litt begrensa utval men det som er der, smakar godt. Her har vi vore før, og hit kjem vi nok tilbake. Hyggjeleg servitørar, men dei gløymde av å gi oss rekninga så det måtte vi reise oss opp for å sette i gong prosessen på.

Kommentarer




Lutlaget
I høve 20-årsjubileum for fusgur slo vi på stortromma og flotta oss på ein restaurant hakket meir opp i prisnivå enn vi normalt brukar. Og denne gong falt valet på Lutlaget. Skal alt lutast her, eller er det håp...?
November 2025
Jimmy får ikkje fleire besøk
Vi er litt usikre på svenskane generelt, men trur kanskje dei også likar å ha sin genitivs-s utan apostrof. Vi får spørje nokon, kanskje KI veit? Eller ein innbarka svenske som ikkje har fornorska seg, slik dei vi kjenner og er glade i...?
Oktober 2025
Masala Politics
Fantastiske ting har vorte skrivne om Masala Politics, ein indisk restaurant med ekstrem sentral plassering midt på sjølvaste Karl Johan. Då måtte vi ta turen dit!
August 2025
Mela cafe
Vi har høyrt gode ting om Mela café, og gått forbi ei rekke gongar. Denne gongen gjekk vi innom!
Juni 2025

Overvåket av vakthund.no