Fusgur logo

Grisen

Juni 2018

Grisen

Beliggenhet:   Torshov
Kategori: Gastropub
Mat: 3.003.003.003.003.00
Service: 5.005.005.005.005.00
Miljø: 5.005.005.005.005.00
Pris: 4.004.004.004.004.00
Karakter: 4.004.004.004.004.00
Skriv kommentar eller anmeldelse
I det som skulle gå inn i kvinnes minne som den varmaste sommaren i Oslo siste tusen år (sånn ca. utan å overdrive), karra eit redusert fusgur seg til uteserveringa på Grisen på Torshov. MO: Fullstendig uaktuelt å sitje i sola, i alle fall. Parasoll er eit must når gradane nærmar seg kokepunkt.
SJ: Ja, det får bli i skuggan.
AH: Det funkar fint for meg!

Vi hadde fått bord 16.30, og måtte drøye den til 17 for å bestille middag - så vi ikkje måtte forhalde oss til lunsjmenyen. Men, det gjekk bra med litt forfriskningar på bordet og også ein porsjon pommes med aioli til.

MO gjekk for dagens fisk, som var grilla torsk med skalldyrsaus, SJ tok dagens kjøt, svinecarré med BBQ-glaserte gulrøtter og AH landa på ein burger - med bacon.

MO: VELDIG god fisk!! Og den sausen.. nam. Dette var HEILT innafor.
SJ: Jag tyckte köttet var lite tråkigt, faktisk... Men morøttane va fantastisk goda!
MO fekk ein liten smak, og kunne bekrefte at dei var nydelege.
AH: Eg har hatt så lyst på burger og kjøtt i dag, av og til er det berre sånn. Men... kor er baconet?

Eit lite paradoks at ein går glipp av bacon på Grisen, men vi fekk gitt beskjed til servitøren og ho beklaga på det sterkaste - og vil nok aldri gløyme bacon til nokon igjen!

AH: Nokon som skal ha dessert?
SJ: Nei, jag kollade - dom har typ glass och thats it.
MO: Det står eg lett over. Eg tek bobler istaden.

Karakter: M-
Bra service, flott og stor uteservering med god tilgong på skugge.
Fisken var nydeleg. Kjøtet burde dei nok ha tatt ein gjennomgang på, ikkje veldig mørt og heller ikkje veldig spanande. Burgeren var heilt ok, og pommes med aioli er sjeldan feil - heller ikkje her. Det er ein fin plassering med stor uteservering og bra tilrettelagt, dette er ein stad vi kan vitje igjen. Heilt klart ein gastropub i nabolaget, men med litt å gå på når det gjeld dessertmeny og også kvalitet på enkelte rettar.

Kommentarer




Sosialiseringsmiddag
På beste vestkant våga vi oss på såkalla social dining, det vil seie mange små og fancy delerettar i sosialt lag.
Mars 2024
Yum Cha
Det nærma seg julebordsesong men vi var på veg til ein stad som neppe har det største innrykket i så tilfelle uansett, og vasa oss inn i ei sidegate til Valkyriegata for å sjekke ut eit tilbod for det kantonesiske kjøkenet.
November 2023
Hrimnir
På årets første - og forhåpentligvis verste - snødag med kaos i alle krokar av hovudstaden, var det to snødekte fusgurar som endeleg fekk teke turen til Hrimnir, ramen-restauranten ved Vulkan på Løkka.
Oktober 2023
Rotishop
Rotishop er ein liten og intim restaurant som liknar meir på eit trongt gatekjøken der ein ikkje eigentleg skal sitje ned og ete. Spanande!
September 2023

Overvåket av vakthund.no