På sjølvaste Halloween, tok eit sterkt redusert fusgur turen straka vegen til Nydalen. Vel, nesten i alle fall.
MO: Beklagar at eg er så sein! Ein stad mellom Carl Berner og Hasle gjekk det meste skeis, så bussjåføren kapitulerte og opna dørene så vi fekk ta vegen vidare på apostlane sine hestar.. men - her er eg!
SD: Det går fint. Jeg har fått vann.....
Fram spratt ein særs entusiastisk servitør, som prata på engelsk og prøvde å få oss i tale på eit eller anna vis - han hadde mykje på hjartet, sjølv om han visste lite om maten han skulle servere. Greit med hyggjelege ansatte, men det er også greit med litt kunnskap.
AH: Han var veldig oppsatt på at vi skulle sitje her, då, vi ser rett ut på elva og det er visstnok beste plassen å vere.
Vi kasta ikkje bort tida, og etter at MO forkasta tanken på å ta 3 forrettar istaden for hovudrett, var vi alle klare til å bestille.
MO gjekk for crispy, mad duck, AH satsa på pad thai medan SD valde torsk med miso og søtpotet.
Til forrett delte vi ein tempura scampisalat, som skulle syne seg eit godt val.
AH: Passa bra at det var 3 scampi her, då. Må seie det var ein ganske stor forrett, om den er berekna til ein person?
MO: Heilt klart! Dette må vel gå under smårett? Skal ikkje klage på for mykje mat for pengane, då.
Så kom hovudrettane på bordet.
SD: Fisken var utrolig god! Det var også sausen. Hva ER egentlig miso? Man får jo alltid miso-suppe, men hva er miso for noe?
MO: Anar ikkje. Eg får google det, no MÅ eg vite det!
AH: Var anda vanvittig god, som han lova? Bra du har fått litt grønt til, synest ofte ein får så lite av det når ein bestiller sånn.
MO: Den var absolutt crispy og god, usikker på om den er verdt pengane så kanskje eg heller skulle gått for fleire forrettar - men det er rikeleg mat og godt på smak, så eg får seie meg nøgd.
Sidan ingen av dessertane freista i dag, vart det Grandmas garden- te på AH og ein kaffi på SD. MO klarte seg med dei siste restane av sin Kirin, og det kan vel konstanterast at alle var mette og nøgde.
Servitøren er nok van med å måtte ablegøye litt for å få tips, men det kjendes nok litt for amerikansk ut for vår del - og vi ville nok foretrukke at servitøren hadde betre greie på mat og drikke for vår del. Men, hyggjelege folk er ikkje å kimse av, det heller!
Karakter: M
Dette må vel havne i kategorien for litt oppgradert asiastisk mat. God mat, flotte lokalar, litt spesielle kombinasjonar men med klassiske rettar - det er meir på menyen vi lett kunne prøvd ut, og har ikkje problemer med å vurdere ein tur hit på privaten.
Kommentarer
Lei av julemat før jula kom i gong tok vi ein tur til ZZ pizza i Gamlebyen, som visstnok har fleire utradisjonelle pizzavariantar på menyen.
Desember 2025
I høve 20-årsjubileum for fusgur slo vi på stortromma og flotta oss på ein restaurant hakket meir opp i prisnivå enn vi normalt brukar. Og denne gong falt valet på Lutlaget. Skal alt lutast her, eller er det håp...?
November 2025
Vi er litt usikre på svenskane generelt, men trur kanskje dei også likar å ha sin genitivs-s utan apostrof. Vi får spørje nokon, kanskje KI veit? Eller ein innbarka svenske som ikkje har fornorska seg, slik dei vi kjenner og er glade i...?
Oktober 2025
Fantastiske ting har vorte skrivne om Masala Politics, ein indisk restaurant med ekstrem sentral plassering midt på sjølvaste Karl Johan. Då måtte vi ta turen dit!
August 2025