Mathallen vart vald denne solfylte tysdagen i juli grunna bra høve for parkering, då nybakte mødre har eit pressa tidsskjema og er avhengig av rask transportering til og frå. AH hadde allereie snakka fram Asia Tapas som eit særs godt alternativ då MO kom på pletten.
MO: Eg går LETT dit!
AH: Ja, eg har sikla etter kamskjel sidan forrige gong eg var der...
Men akk o ve - der var kjøkenet stengt!! Heldigvis har Mathallen fleire stader å by på, og vi valde oss ein plass i sola, på uteserveringa til Vulkanfisk.
MO: Den fish and chipsen ser jo ikkje vond ut... hm. Men, det freista med fiskesuppe også. Og scampi!
SD: Jeg lurer på hva dagens fisk er?
Det synte seg å vere lysing, med ein slags "balsamico-bacon-saus". Vi vart sjølvsagt nyfikne på kva dette kunne tyde, og heldigvis tok SD saka med å prøve ut denne spanande retten.
AH gjekk for fish and chips, og SJ freista lukka på blåskjel med pommes til.
Det varte og rakk før maten kom på bordet, AH var frampå og lurte på om vi kunne få ei forventa leveringstid, då folk som ankom etter oss allereie hadde motteke næringsstoffa sine. I det siste setning var sagt, kom maten.
MO: Oj, lurar på om alt dette er kvitlauk...? Men godt var det! Sjølv om det faktisk ikkje er scampi, då. Visste dåkke at scampi faktisk er sjøkreps? Det vi kaller scampi, er vel kongereker eller noko sånt?
Ikkje nokon hadde lese same artikkel som MO, og skepsisen råda... men godt var det.
MO: Glad eg tok aioli til brødet - kjem langt med godt brød og kvitlauksmajones!
AH: Det er heilt klart. Denne fisken var også god, ikkje noko å utsetje på det.
SD: Og nå forstår jeg hva balsamico-bacon-saus vil si. Det er jo rett og slett små baconbiter i denne balsamico-saken, litt sånn salt og søtt på samme tid. Du vil kanskje smake, MO?
MO er sjeldan vanskeleg å be, og måtte borti med gaffelen.
SJ: Ni kan gärna smaka musslorna också, om ni vill.
MO: Eg er ikkje så glad i blåskjel, men prøver å bli vant til det så tek gjerne eitt. Det får halde. Men eg må prøve ein chips også!
SD: Fisken var også veldig god, jeg er fornøyd.
Alle var nøgde med maten, og det var absolutt ein behageleg smak av sommar å sitje ute i sola og myse på folk.
Desserten vart flytta til Paradis, ein isbar innandørs, for ein liten smak av det som måtte freiste. Også heilt innafor.
Karakter: M-
Maten var god, servicen var så som så - men at dei kan servere sjømat på enkelt vis, er det lite tvil om. Her kan ein trygt ta seg ein matbit! Om det er opplett, ligg serveringa lunt til og kan også by på litt sol om det fell seg sånn. Inne er det trongt og litt bråkete, men det er trass alt ein mathall så ein må legge lista deretter. Vi kjem absolutt tilbake til Mathallen for å prøve ut andre restauranter, og gler oss allereie.
Kommentarer
Vi er litt usikre på svenskane generelt, men trur kanskje dei også likar å ha sin genitivs-s utan apostrof. Vi får spørje nokon, kanskje KI veit? Eller ein innbarka svenske som ikkje har fornorska seg, slik dei vi kjenner og er glade i...?
Oktober 2025
Fantastiske ting har vorte skrivne om Masala Politics, ein indisk restaurant med ekstrem sentral plassering midt på sjølvaste Karl Johan. Då måtte vi ta turen dit!
August 2025
Vi har høyrt gode ting om Mela café, og gått forbi ei rekke gongar. Denne gongen gjekk vi innom!
Juni 2025
Sommaren hadde kome på besøk til hovudstaden, og vi gjekk for noko nytt for vår del - balkansk mat! Dette vart ein tur som vekte mykje minner for vårt medlem med opprinning frå Balkan, spanande.
Mai 2025