Med ein sterkt redusert flokk, kom likevel fusgur seg til Teatro, ein relativt nyopna pizzarestaurant i lokala til tidlegare Tre Galli, like ved Nationaltheatret. Med ein enkel meny beståande av ulike pizza med kvit og raud saus, samt is til dessert, håpar dei å lokke til seg teaterbesøkande før og/eller etter ulike førestillingar.
  SJ: Jag hadde problem med å hitta stället... va nede i kjellaren och så på första våning, inte enkelt!
MO: Nei, det er ikkje all verdas med god skilting, og mørkt er det også. Hugsar då vi var her på Tre Galli, og fekk servert kald pasta. Guffent!
IV: Vi får vone at desse gjer jobben betre!
Alle gjekk for kvite pizzaer. MO bestilte med laks, pepparrot og ruccola, IV med ansjos, kvitlauk og potet  - dvs, ho fekk bytta ut ansjos med breasola mot eit lite tillegg, og SJ satsa på sopp og Mor Aase.
IV: Potet på pizza er så godt! Eg gler meg. 
Maten kom relativt raskt på bordet, og vi kunne hogge inn. 
IV: Ehh... eg såg for meg kokt potet, på ein måte, ikkje potetgull...?
MO: Eg må smake alle. Sorry. Men ja, eg hadde også sett for meg potet i anna form enn chips, liksom. Ååå, den var god uansett. Nam! Men SJ, den pizzaen din trur eg vinn - den var utruleg god, tross fungus!!
SJ: Din var också god, jag tycker alla var goda! Så tunn og krispig, det är bra.
MO: Eg synest det er godt når botnen er såpass tynn at ein kan brette pizzaen utan problem. Får lyst på steinovn.
IV: Ja, det var ikkje noko å utsetje på dette. 
Servitøren kom og spurte om vi ønska dessert, og ingen ville i utgangspunktet men etter å ha blitt lokka med heimelaga is så vart det nokre kuler på heile gjengen. SJ fekk kirsebærsorbet og mascarponeis, IV klinka til med baileys-is og MO med havsalt karamell.
IV: Den kirsebæren smakar jo godteri! Men mascarponen var litt smaklaus?
SJ: Ja, den var mycket god men du har rett - mascarpone smakte inte så mycket. Jag tänkte det va italiensk og fancy, men den skuffa lite faktiskt. 
MO: Det var god is, i alle fall, greit at ein kan velge berre ei kule. Då er det innafor med dessert!
Litt nedtrekk for mørk belysning på veg til toalettet, som ikkje er i samme etasje - ein bør vurdere betre skilting og også lyssetting. Her skal ein ikkje vere svaksynt...
Karakter: M
Det er heilt klart god pizza, lite å utsetje på det. Lokalet er koseleg, men det er litt i overkant mykje støy om ein vil prate saman. Der kunne dei nok med fordel ha fått inn ekspertar på akustikk for sjølv med berre 3 rundt bordet måtte vi til tider heve stemma ganske kraftig. God service, enkel meny og servering. Litt høgt prisnivå for ein porsjonspizza, spørs om kraftige mannfolk ville blitt heilt mett på berre ein slik pizza, men heilt klart av dei betre pizzaer vi har smakt i hovudstaden!
Brukeranmeldelser
      
      
      Its woednrful to ha
      Matty  25.12.2016
      
      Its woednrful to have you on our side, haha!
    
 
  
  
 
Kommentarer
  
  
  
  
  
        Vi er litt usikre på svenskane generelt, men trur kanskje dei også likar å ha sin genitivs-s utan apostrof. Vi får spørje nokon, kanskje KI veit? Eller ein innbarka svenske som ikkje har fornorska seg, slik dei vi kjenner og er glade i...?         
Oktober 2025
  
 
    
  
  
  
  
        Fantastiske ting har vorte skrivne om Masala Politics, ein indisk restaurant med ekstrem sentral plassering midt på sjølvaste Karl Johan. Då måtte vi ta turen dit!         
August 2025
  
 
    
  
  
  
  
        Vi har høyrt gode ting om Mela café, og gått forbi ei rekke gongar. Denne gongen gjekk vi innom!        
Juni 2025
  
 
    
  
  
  
  
        Sommaren hadde kome på besøk til hovudstaden, og vi gjekk for noko nytt for vår del - balkansk mat! Dette vart ein tur som vekte mykje minner for vårt medlem med opprinning frå Balkan, spanande.         
Mai 2025