Fusgur logo

Skur 33

Oktober 2014

Skur 33

Beliggenhet:   Aker brygge
Kategori: Italiensk sjømat
Mat: 4.004.004.004.004.00
Service: 3.003.003.003.003.00
Miljø: 5.005.005.005.005.00
Pris: 4.004.004.004.004.00
Karakter: 4.004.004.004.004.00
Skriv kommentar eller anmeldelse
Ein usedvanleg blåstig dag i oktober kom fusgur seg ytterst til kaikanten nedanfor Akershus festning. Medan varmegradene flaksa rundt øyrene, vasa vi oss fram til eit lokale særs anonymt beliggande. SJ: Fans det inga skyltor?
MO: Ikkje så mykje som ei lita pil eller namn på restaurant i sikte.

Vi vart vel mottekne i eit artig lokale med god takhøgde, og fekk servert vatn og menyar med ein gong.

EV: Det var IKKJE enkelt å finne, eg er glad eg googla det først! Men veldig kult lokale, då, det skal dei ha. Kan bli spanande å sjå korleis dei taklar det til vintaren kjem, kanskje. Ikkje det mest sentrale.

Servitøren prøvde sitt beste på å pushe drikke og aperitif, men bortsett frå ei øl, gjekk dei fleste for vatn denne dagen. Vi fekk info om dagens 4-rettars, men ingen var svoltne nok til å gå for den. Medan vi venta på maten, kom det ei skål med nybaka focaccia og litt olivenolje på bordet, salt og god skorpe som vart godt motteke.

MO: Eg går for krepsehalar med ingefær- og chilismør, og køyrer på med risotto med hummer til hovudrett.
EV: Ingen dessert?
MO: Får sjå kva det blir plass til seinare, veit aldri!
SJ: Jag vill också ha kräftor, men med ramslök. Och kanske hummer til huvudrett? Tror ni jag blir mett på en halv hummer?
MO: Det skulle eg vel tru, med både forrett og hovudrett?
Solveig: Eg går nok også for risotto, men hoppar over forrett.
EV: Skjøner det er sjømat som gjeld her ved fjorden. Eg trur blåskjelpizza blir vinnaren i dag.

Etter ei stund kom krepsehalane på ein tallerken, og vi stussa litt. Servitøren spurte om vi skulle dele, men då måtte vi påpeike at vi hadde jo bestilt kvar sin forrett, så vi hadde rekna med vi fekk kvar sin tallerken...? Ein ekstra, liten tallerken kom raskt på plass.
MO: Veldig god salat, i alle fall!
SJ: Mycket god balsamico, og goda kräftor också.
MO: Godt, men ikkje noko eg ville bestilt meir av, eigentleg.

Hovudrettane kom på bordet i bra tempo, og sjølv om risottoen såg ut til å vere litt liten, erfarte vi at den var meir enn mektig nok til å mette oss ganske så bra.

EV: Blåskjela såg jo bra ut, men dei var heilt innskrumpa. Har dei vore varma for lenge? Men pizzaen var veldig god. Både botnen, fyll og ost smakar ypperleg. Eg la merke til ein svær steinovn på veg inn, så dei har utstyret på plass her.
MO: Risottoen var også veldig god, ikkje den beste eg har smakt, men heilt klart noko eg lett kunne ete igjen.
Solveig: Eg er sprengmett... den var veldig mektig.
EV: Eg fekk aldri salaten som eg bestilte saman med pizzaen, då. Men, det er nok mat, så eg gidd ikkje mase på det no.
SJ: Jag måste ha mer mat senare.. jag är inte mett, det var för lite mat.
MO: Ja, om du ikkje får brød til den vesle, halve hummaren så forstår eg det godt, altså. Litt hummer og salat mettar ikkje så veldig. Men det var veldig godt!
MO måtte sjølvsagt smake chilismøret og ramslauksmøret, og var godt nøgd med tilbehøret til SJ.

EV: Eg trur eg må gå for sjokoladeiskrem til dessert.
MO: Eg kunne tenkje meg pistasjis! Eller, kanskje mandelbrulee? Høyres jo spanande ut.
Men, så vart vi setande og vente på merksemd frå servitøren, og dei 10-15 min det tok var nok til at vi vart mettare og mettare, og lysta på dessert forsvann sakte, men sikkert.
EV: Nei, eg blir ikkje setande og ete dessert åleine, kanskje vi heller får kome attende og ete berre is ein gong?
MO: Skal ikkje sjå bort frå det, her kan eg lett ete igjen.

Då rekninga kom, måtte vi gjere dei merksam på at salaten til pizzaen aldri kom. Servitøren spurte om vi hadde fått ekstra salat til krepsene, men siden vi fekk EI skål å dele på, så var nok heller ikkje det tilfelle, og salaten blei stroke frå rekninga.

Karakter: M-
Artig lokale, om enn noko høgt støynivå. Grei service, og god mat. Middels prisnivå. Pizza frå 165 kr og hummer og dagens fisk til rundt 250 kr. Ikkje ein stor wowfaktor på maten, men nok til at vi lett kjem innom på privaten om det skulle høve seg slik.





Brukeranmeldelser
0.000.000.000.000.00
This is just the pef
Fidelia 25.12.2016

This is just the pefecrt answer for all of us
0.000.000.000.000.00
Dårlig service
MO 13.03.2015

Var attende her på privaten, og maten er framleis veldig god - men servicen er diverre ikkje betre enn tidlegare.. det blir lite tips av slikt, og irriterande at ikkje ein så god plass kan hoste opp litt meir service og kunnskap.

Kommentarer




Sosialiseringsmiddag
På beste vestkant våga vi oss på såkalla social dining, det vil seie mange små og fancy delerettar i sosialt lag.
Mars 2024
Yum Cha
Det nærma seg julebordsesong men vi var på veg til ein stad som neppe har det største innrykket i så tilfelle uansett, og vasa oss inn i ei sidegate til Valkyriegata for å sjekke ut eit tilbod for det kantonesiske kjøkenet.
November 2023
Hrimnir
På årets første - og forhåpentligvis verste - snødag med kaos i alle krokar av hovudstaden, var det to snødekte fusgurar som endeleg fekk teke turen til Hrimnir, ramen-restauranten ved Vulkan på Løkka.
Oktober 2023
Rotishop
Rotishop er ein liten og intim restaurant som liknar meir på eit trongt gatekjøken der ein ikkje eigentleg skal sitje ned og ete. Spanande!
September 2023

Overvåket av vakthund.no